Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 62 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 12 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 62편은 사람들의 거짓과 공격 속에서 "잠잠히 하나님만" 바라겠다고 고백하는 신뢰의 시이다. 권능과 인자함이 하나님께 속했다는 말로 끝난다.

Jump to verse

62Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.
2Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa.
3Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.
4Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg?
5Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.
6Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von.
7Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.
8Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.
9Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.
10Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman.
11Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!
12Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til. Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

12 verses in this psalm
62 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More