Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 81 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 16 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 81편은 아삽의 시로, 절기에 하나님을 찬양하라는 부름으로 시작해 출애굽을 회상하고, 하나님의 목소리로 이스라엘의 불순종을 책망하며 순종을 권하는 16절의 시다.

Jump to verse

81Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf.
2Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
3Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!
4Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!
5For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
6Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
7«Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
8I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.
9Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!
10Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
11Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!
12Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
13So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.
14Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!
15Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.
16Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg. Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

16 verses in this psalm
81 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More