Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 83 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 18 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 83편은 아삽의 시로, 이스라엘을 없애려고 동맹한 주변 민족들을 사사 시대처럼 심판해 달라고 구하고, 그들이 여호와만이 온 세계의 지존자임을 알게 되기를 비는 공동체의 기도시이다.

Jump to verse

83Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Ein song, ein salme av Asaf.
2Gud, teg ikkje! haldt deg ikkje still og roleg, Gud!
3For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!
4Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på.
5Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!»
6For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjeng dei i pakt.
7Edoms tjeld og ismaelitarne, Moab og hagarenarne,
8Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med deim som bur i Tyrus.
9Ogso Assur hev gjenge i lag med deim, han låner sin arm til Lots søner. Sela.
10Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!
11Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk på marki.
12Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna!
13deim som segjer: «Lat oss hertaka Guds bustader!»
14Min Gud, gjer deim som ein dustkvervel, som agner for vinden!
15Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,
16soleis forfylgje du deim med din storm og skræme deim med ditt uver!
17Fyll deira andlit med skam, at dei må søkja ditt namn, Herre!
18Lat deim skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunnar! Og lat deim få vita, at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

18 verses in this psalm
83 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More