Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då var det Herren sagde til meg: «Hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjer deg ei trekista, og kom upp på fjellet til meg,Select Deuteronomy 10:1

2so skal eg skriva dei same ordi på dei tavlorne som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja deim ned i kista.»Select Deuteronomy 10:2

3Då gjorde eg ei kista av akazietre, og hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjekk upp på fjellet med båe tavlorne i handi,Select Deuteronomy 10:3

4og Herren skreiv på deim det same som han hadde skrive fyrre gongen: dei ti bodordi som han hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden, samkomedagen, og han gav deim til meg.Select Deuteronomy 10:4

5So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og lagde tavlorne i den kista eg hadde gjort, og der vart dei liggjande, soleis som Herren hadde sagt.Select Deuteronomy 10:5

6Sidan tok Israels-sønerne ut frå Bene-Ja’akan-brunnarne, og kom til Mosera; der døydde Aron, og der vart han gravlagd, og Eleazar, son hans, vart prest etter honom.Select Deuteronomy 10:6

7Derifrå for dei til Gudgoda, og frå Gudgoda til Jotbata, eit land med mange bekkjer.Select Deuteronomy 10:7

8I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera sambandskista åt Herren, og standa framfor Herrens andlit og tena honom, og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.Select Deuteronomy 10:8

9Difor fekk ikkje Levi nokon arvlut tilliks med brørne sine; Herren skal vera hans arv, soleis som han sjølv hev sagt med honom.Select Deuteronomy 10:9

10«So var eg då på fjellet i fyrti jamdøger, liksom fyrre venda, og Herren høyrde bøni mi den gongen og; han vilde ikkje tyna deg.Select Deuteronomy 10:10

11So sagde Herren til meg: «Tak i vegen, og før folket lenger fram, so dei kann koma til det landet eg hev lova federne deira å gjeva deim!»»Select Deuteronomy 10:11

12Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,Select Deuteronomy 10:12

13og halda bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, so det kann ganga deg vel!Select Deuteronomy 10:13

14Sjå, himmelen og alle himlar i himmelen, jordi og alt det som på henne er, høyrer Herren, din Gud, til.Select Deuteronomy 10:14

15Men endå var det berre federne dine han lagde hug til og elska, og sidan kåra han ut dykk, ætti deira, framum alle andre folkeslag, soleis som me ser det i dag.Select Deuteronomy 10:15

16So bøyg då den stride hugen dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!Select Deuteronomy 10:16

17For Herren, dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, velduge, agelege Gud! Han gjer ikkje mannemun, og tek ikkje mutor;Select Deuteronomy 10:17

18han hjelper den farlause og enkja til retten sin, og syter for dei framande so dei fær mat og klæde.Select Deuteronomy 10:18

19Difor skal de og vera gode med dei framande; de var sjølve framande i Egyptarlandet.Select Deuteronomy 10:19

20Herren, din Gud, skal du ottast; honom skal du tena, og honom skal du halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.Select Deuteronomy 10:20

21Han skal vera det gildaste du veit; han er din Gud som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.Select Deuteronomy 10:21

22Sytti i talet for federne dine ned til Egyptarland, men no hev Herren, din Gud, auka dykk so de er mange som stjernorne på himmelen.Select Deuteronomy 10:22

Next: Deuteronomy 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.