Deuteronomy 20
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Når du fer ut i strid mot fienden, og ser hestar og vogner og fleire herfolk enn du hev sjølv, so ver ikkje rædd deim! Herren, din Gud, er med deg, han som førde deg ut or Egyptarlandet.Select Deuteronomy 20:1
2Når de bur dykk til strid, skal presten stiga fram og tala til folketSelect Deuteronomy 20:2
3og segja til deim: «Høyr, Israel, i dag bur de dykk til strid mot fienden! Tap ikkje modet! Ver ikkje rædde eller hugfalne eller forstøkte!Select Deuteronomy 20:3
4For Herren, dykkar Gud, gjeng med dykk, og vil strida for dykk mot fienden og hjelpa dykk.»Select Deuteronomy 20:4
5So skal formennerne tala til folket og segja: «Er her nokon som hev bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan vigsla huset.Select Deuteronomy 20:5
6Og er her nokon som hev stelt seg til ein vinhage, men endå ikkje havt noko gagn av honom, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan hausta hagen.Select Deuteronomy 20:6
7Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå ikkje halde brudlaup, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan få bruri.»Select Deuteronomy 20:7
8Dette skal og formennerne segja til folket: «Er her nokon som er rædd og hugfallen, då kann han fara heim att, so ikkje brørne hans skal missa modet liksom han.»Select Deuteronomy 20:8
9Og når formennerne er ferdige med det dei hev å segja til folket, skal de setja hovdingar yver heren.Select Deuteronomy 20:9
10Når du gjeng fram mot ein by og vil taka honom, skal du fyrst bjoda fred.Select Deuteronomy 20:10
11Tek dei då imot tilbodet, og opnar portarne for deg, so skal alt folket i byen vera dine tenarar og arbeida for deg.Select Deuteronomy 20:11
12Vil dei ikkje gjera fred, men vil stridast med deg, so skal du kringsetja byen;Select Deuteronomy 20:12
13og når Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, skal du hogga ned alle karmenner;Select Deuteronomy 20:13
14men kvinnor og born og bufe og alt anna som finst i byen, alt herfanget, kann du eigna til deg; du kann nøyta herfanget du tek frå fiendarne, og som Herren, din Gud, hev gjeve deg.Select Deuteronomy 20:14
15Soleis skal du gjera med alle byar som ligg langt burte, og ikkje høyrer desse folki til.Select Deuteronomy 20:15
16Men i dei byarne som høyrer desse folki til, og som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, der skal du ikkje spara eit einaste liv.Select Deuteronomy 20:16
17Du skal bannstøyta deim og rydja deim ut, både hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, soleis som Herren, din Gud, hev sagt deg;Select Deuteronomy 20:17
18elles kunde dei læra dykk å gjera alt det stygge dei sjølve gjer til æra for gudarne sine, og då vilde de synda mot Herren, dykkar Gud.Select Deuteronomy 20:18
19Når du hev kringsett ein by og lyt liggja der lenge fyrr du fær teke honom, so skal du ikkje skamføra trei som veks der, og setja øks i deim. Du kann eta av deim, men du skal ikkje skadehogga deim. Trei på marki er då ikkje folk, so du tarv stridast med deim?Select Deuteronomy 20:19
20Men dei trei som du veit ikkje ber etande frukt, deim kann du øyda og hogga ned, og byggja kringsetjingsverk mot byen du ligg i strid med, til han lyt gjeva seg.Select Deuteronomy 20:20
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain