Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 23

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.Select Deuteronomy 23:1

2Den som er av urein ætt, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans, radt til tiande leden, skal vera utestengde frå Herrens lyd.Select Deuteronomy 23:2

3Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,Select Deuteronomy 23:3

4for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di dei leigde Bileam, son åt Beor frå Petor i Mesopotamia til å lysa våbøn yver deg,Select Deuteronomy 23:4

5men Herren, din Gud, vilde ikkje høyra på Bileam; han vende våbøni um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.Select Deuteronomy 23:5

6Aldri i dine livedagar skal du syta for deira velferd og lukka.Select Deuteronomy 23:6

7Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.Select Deuteronomy 23:7

8Etterkomarane deira i tridje leden kann få vera med i Herrens lyd.Select Deuteronomy 23:8

9Når du tek ut i strid med fienden, og slær læger, so skal du agta deg for alt som er usømelegt.Select Deuteronomy 23:9

10Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt honom um natti, so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn attSelect Deuteronomy 23:10

11fyrr det lid mot kvelden; då skal han lauga seg, og når soli hev gladt, kann han koma inn i lægret.Select Deuteronomy 23:11

12Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender.Select Deuteronomy 23:12

13Og millom tølorne dine skal du hava ei hakka; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute.Select Deuteronomy 23:13

14For Herren, din Gud, er med deg i lægret; han vil hjelpa deg, og gjeva fienden i di magt; difor skal lægret ditt vera helga; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til, og gjeng ifrå deg.Select Deuteronomy 23:14

15Ein træl som hev rømt frå herren sin, og tydt seg til deg, skal du ikkje senda attende til herren hans.Select Deuteronomy 23:15

16Lat honom få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byarne dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot honom!Select Deuteronomy 23:16

17Det må ikkje finnast møy eller svein i Israel som vigjer seg til skjøkjelivnad.Select Deuteronomy 23:17

18Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren, din Gud, um du so skulle ha lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren, din Gud.Select Deuteronomy 23:18

19Du skal ikkje taka renta av ein landsmann, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for.Select Deuteronomy 23:19

20Ein utlending kann du taka renta av, men av ein landsmann må du ikkje taka renta; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem til å eiga.Select Deuteronomy 23:20

21Når du hev gjort ein lovnad til Herren, din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; elles kjem Herren til å krevja deg etter det, og du fær synd på deg.Select Deuteronomy 23:21

22Um du let vera å gjera nokon lovnad, so hev du ingi synd på deg for det;Select Deuteronomy 23:22

23men ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug, og halda det, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren, din Gud.Select Deuteronomy 23:23

24Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje henta i kopp.Select Deuteronomy 23:24

25Kjem du inn i annan manns åker, so kann du taka aks med handi; men sigd må du ikkje koma med i annan manns åker.Select Deuteronomy 23:25

Next: Deuteronomy 24Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.