Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 7

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;Select Deuteronomy 7:1

2men når han hev gjeve deim i di magt, og du hev vunne yver deim, då skal du bannstøyta deim; du må ikkje gjera nokor semja med deim, og ikkje gjeva deim grid;Select Deuteronomy 7:2

3du må ikkje hava nokor hopegifting med deim; ikkje må du gjeva døtterne dine til sønerne deira, og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dine;Select Deuteronomy 7:3

4for dei kunde få sønerne dine til å falla frå Herren og tena andre gudar, og då kom Herren til å harmast på dykk, og rydja dykk ut, og det fort.Select Deuteronomy 7:4

5Høyr no korleis de skal fara med desse folki: Altari deira skal de riva ned, og minnesteinarne skal de slå sund; dei heilage trei deira skal de fella, og avgudsbilæti skal de brenna upp.Select Deuteronomy 7:5

6For du er eit heilagt folk, vigt åt Herren, din Gud; deg valde han ut millom alle folkeslag på jordi, og vilde du skulde vera hans eige folk.Select Deuteronomy 7:6

7Ikkje av di du var større enn alle dei andre folki, tok Herren deg åt seg og kåra deg ut; for du er det minste av alle folk.Select Deuteronomy 7:7

8Men han elska deg, og vilde halda det han hadde lova federne dine; difor førde han deg burt med fast hand og fria deg ut or slavehuset, or henderne på Farao, egyptarkongen.Select Deuteronomy 7:8

9So må du då vita at Herren, din Gud, han er den rette Gud, den trufaste Gud, som held det han lovar. Mot deim som elskar honom og held bodi hans, gjer han vel i tusunde leden,Select Deuteronomy 7:9

10og deim som hatar honom, gjev han løni på loven, og let deim ganga til grunnar; han held ikkje att løni for deim, men greider henne midt upp i handi deira.Select Deuteronomy 7:10

11So kom då i hug dei bodi og fyresegnerne og loverne som eg ber fram for deg i dag, og liv etter deim!Select Deuteronomy 7:11

12Lyder du no etter desse bodi, og kjem deim i hug, og held deim, so skal Herren, din Gud, koma i hug den truskap og nåde han lova federne dine;Select Deuteronomy 7:12

13han skal elska deg, og velsigna deg, og auka ætti di; han skal velsigna både det du avlar og det du el: kornet og druvesafti og oljen, det som fell undan storfeet og det som kjem til i småfenadflokken, på den jordi han lova federne dine å gjeva deg.Select Deuteronomy 7:13

14Velsigna skal du vera framum alle folkeslag. Hjå deg skal det aldri finnast eit liv, korkje av folk eller fe, som vantar avkjøme.Select Deuteronomy 7:14

15All sjukdom skal Herren halda burte frå deg, og alle dei vonde sotterne du kjenner frå Egyptarland, deim skal han ikkje leggja på deg, men på dine fiendar skal han leggja deim.Select Deuteronomy 7:15

16Alle dei folki Herren, din Gud, gjev deg magt yver, skal du tyna, og ikkje kvida deg for å drepa deim. Og aldri må du tena gudarne deira; for det vert ulukka di.Select Deuteronomy 7:16

17Men um du tenkjer som so: «Desse folki er sterkare enn eg! korleis kann eg driva deim ut?»Select Deuteronomy 7:17

18so ver ikkje rædd deim for det! Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Farao og alle egyptarane,Select Deuteronomy 7:18

19dei store plågorne du såg for augo dine, og teikni og underi som hende då Herren med fast hand og strak arm henta deg ut or Egyptarlandet; det same skal Herren, din Gud, gjera med alle dei folki du ræddast for.Select Deuteronomy 7:19

20Endå kvefsen skal han senda imot dei, til alle dei er burte som var att og hadde løynt seg for deg.Select Deuteronomy 7:20

21Du skal ikkje fæla deg for deim; for Herren, din Gud, er med deg, ein stor og ageleg Gud.Select Deuteronomy 7:21

22Smått um senn skal Herren driva desse folki ut for deg; du skal ikkje få øyda deim ut med ein gong; for då kom villdyri til å auka for mykje.Select Deuteronomy 7:22

23Herren, din Gud, skal gjeva deg magt yver deim; han skal fjetra deim, so dei ikkje veit anten att eller fram, og vert nedhogne.Select Deuteronomy 7:23

24Kongarne deira og skal han gjeva i ditt vald, og du skal rydja ut namni deira or verdi. Ingen skal kunna standa seg mot deg; du skal øyda deim ut for ende.Select Deuteronomy 7:24

25Gudebilæti deira skal du kasta på elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet på deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,Select Deuteronomy 7:25

26og slik styggedom skal du ikkje hava inn i huset ditt, so du vert forbanna liksom det; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bannstøytt.Select Deuteronomy 7:26

Next: Deuteronomy 8Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.