Amos 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Høyre dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels søner, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarland:Select Amos 3:1
2Dykk einast kannast ved av alle ætter på jordi. Difor eg heimsøkjer dykk for alt det vonde de hev gjort.Select Amos 3:2
3Gjeng tvo-eine saman tru, utan dei samstelte vart?Select Amos 3:3
4Tru løva burar i skogen utan eit rov det gjeld? Let ungløva høyra sitt mål, når i hola ho ligg, utan ho fengdi fekk?Select Amos 3:4
5Tru fuglen i snara på jordi fell, utan at snara er uppsett? Tru vel at glefsa sprett att, utan at noko sit fast?Select Amos 3:5
6Eller ljomar luren i by, utan at folket fær støkk? Eller hender ulukka i by, utan at Herren hev gjort det?Select Amos 3:6
7For ikkje gjer Herren, Herren nokon ting, utan han tenarom sine, profetom, forkynner si løynråd.Select Amos 3:7
8Når løva mun bura, kven må ikkje ræddast? Når han talar Herren, Herren, kven vert ikkje då profet?Select Amos 3:8
9Rope ut yver Asdod borger og yver borger i Egyptarland: «Dykk samle på Samariafjelli og sjå kor fælt eit ståk der er, og valdsverk som der råder!»Select Amos 3:9
10Dei hev ikkje vit på framferd rett, segjer Herren, dei som haugar valdsverk og tjon i borgerne sine i hop.Select Amos 3:10
11Difor, so segjer Herren, Herren: Fiendar herset ditt land. Di magt skal støytast i knas, dine borger plundrast.Select Amos 3:11
12So segjer Herren: Som hyrdingen friar frå løvegap eit par bein ell’ ein øyrelapp, so bergast dei skal, dei Israels-søner, som i Samaria sit i sofa-krå, på putebenk.Select Amos 3:12
13Høyr og vitna mot Jakobs hus! segjer Herren, Herren, allhers Gud:Select Amos 3:13
14Den dagen eg straffar Israel brot, då straffar eg Betels altar, og altarhorni vert hogne, og dei skal falla til jordi.Select Amos 3:14
15Eg vinterstova hogg ned, sumarstova med. Filsbeinssalar skal falla, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.Select Amos 3:15
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain