Skip to content
Church.wiki
Amos

Amos 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det skal høyra på dette ordet, de Basans kyr, som er på Samariafjellet, de som piner dei små og dei arme mun slå, som segjer til dykkar herrar: «Lat oss få so me kann drikka!»Select Amos 4:1

2Herren, Herren, svor ved sin heilagdom: Sjå, dagar det koma skal yver dykk då med hakar dei hentar dykk fram og resten med krokar dreg upp.Select Amos 4:2

3Gjenom sprunger i muren fer det, ei um senn, og kastar gudarne burt, segjer Herren.Select Amos 4:3

4Kom til Betel og gjer synd, til Gilgal og synda enn meir; kvar morgon slagtoffer ber fram, kvar tridje dagen tiend,Select Amos 4:4

5Til takkoffer syra brød brenn, lys ut at de fri-offer gjer. For slikt mun de lika, de Israels born, segjer Herren, Herren.Select Amos 4:5

6Det var eg som let dykk i kvar ein by vanta maten i munn, brødløysa gav eg i kvar ein heim. Og De vende ’kje um til meg, segjer Herren.Select Amos 4:6

7Det var eg som heldt regnet attende tri månader fyre skurden. Eg gav regn til den eine byen, den andre byen fekk ingen ting. Den eine åkren fekk regn, og den åkren som ikkje fekk regn, han turka burt.Select Amos 4:7

8Og tvo, tri byar gjekk til ein by til ein vatsdrykk å få, og dei fekk ikkje nok. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.Select Amos 4:8

9Kornet eg slo med sotbrand og rust, og hagarne mange og vinbergi og fike- og oljetrei. Deim åt grashoppen upp. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.Select Amos 4:9

10Eg sende sotti på dykk liksom i Egypt. Eg drap dykkar gutar med sverd. Hestarn’ vart herfang. Eg let dykk illtev frå valen i nasarne få. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.Select Amos 4:10

11Eg gjorde ein omstøyt ibland dykk, som då Gud støytte ned Sodoma og Gomorra. Og de vart som ein brand berga or eld. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.Select Amos 4:11

12Difor gjer eg med deg, Israel, so. Sidan eg gjerne vil gjera so med deg, bu deg til å møta din Gud, Israel.Select Amos 4:12

13For sjå: Han som lagar fjelli og skaper vinden, og ein mann sine tankar fortel, og myrker bryt til morgonljos, han som stig på jordheims haugar - Herren, allhers drott, er namnet hans.Select Amos 4:13

Next: Amos 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Amos

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.