Amos 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Høyr dette ordet som eg syng yver dykk, ein syrgjesong yver Israels hus:Select Amos 5:1
2«Ho falli er, ris aldri upp meir, den møy Israel; slengd til jord i sit eige land. Ingen reiser ho upp.»Select Amos 5:2
3For so segjer Herren, Herren: Ein by sender tusund ut, fær hundrad att, sender ho hundrad ut, fær tie att til Israels hus.Select Amos 5:3
4For so segjer Herren til Israels hus: Søk meg, so skal de liva!Select Amos 5:4
5Men aldri de søkje til Betel, til Gilgal aldri kom, og gakk ikkje til Be’erseba! For Gilgal burt skal førast, og Betel vert upp i tjon.Select Amos 5:5
6Søk Herren, so skal de liva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; det brenn, og ingen sløkkjer for Betel.Select Amos 5:6
7De som vender retten til malurt, og kastar rettferd til jord!Select Amos 5:7
8Han som skapte Sjustjerna og Orion, og gjer kolmyrkret til morgon, gjer dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er hans namn.Select Amos 5:8
9Han øyder dei sterke med sitt ljon, han øyder borgi den faste!Select Amos 5:9
10Dei hatar den som refser for retten, styggjest ved den som talar sanning.Select Amos 5:10
11Difor, då småfolk de trakkar ned og kornleiga driv av deim ut - vel hev de hogt stein og bygt hus, men de skal ikkje sjølv der bu. De hev fagre vinhagar stelt, men de skal ikkje drikka deira vin.Select Amos 5:11
12For eg veit um synderne dykkar so mange og misgjerder utan tal; de trykkjer den skuldlause, tek imot mutor, ein arming for retten de svik.Select Amos 5:12
13Difor tegjer den kloke i denne tid, for ei vond tid er det.Select Amos 5:13
14Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de kann liva. Då vera med dykk Herren, allhers Gud, som de hev sagt.Select Amos 5:14
15Hata vondt og elska godt, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning.Select Amos 5:15
16Difor, so segjer Herren, allhers Gud, Herren: Det er liksong på alle torg, og på alle gator dei ropar: «Ai, ai!» Bonden dei bed til gravøl, og til liksong deim som kann kveda.Select Amos 5:16
17Frå kvar vinhage liksongar stig; for eg vil millom dykk ganga, segjer Herren.Select Amos 5:17
18Ai dykk som trår etter Herrens dag! Kva er han for dykk, Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos.Select Amos 5:18
19Som når du undan ei løva spring og møter ein bjørn, du kjem heim og styd handi mot veggen, og so bit deg ein orm.Select Amos 5:19
20Ja, ja, myrker er Herrens dag og ikkje ljos, dimleitt, han hev ingen glans.Select Amos 5:20
21Eg hatar og vanvyrder dykkar høgtider, eg hev ingen hugnad i dykkar stemnor,Select Amos 5:21
22ja, um de meg brennoffer gjev og grjonoffer, det hugar ikkje meg. Eg gjev ikkje på gjødkalve-offer gaum.Select Amos 5:22
23Lat meg vera i fred for din buldrande song, ditt harpespel lyder eg ’kje på.Select Amos 5:23
24Men lat rett velta fram som vatn, og rettferd som rennande bekk!Select Amos 5:24
25Bar De slagtoffer, grjonoffer til meg dei fyrti åri i øydemarki, du Israels hus?Select Amos 5:25
26Og bar det då Sukkot, dykkar konge, og Kijun, dykkar bilæte, dykkar gudestjerna, som de hadde gjort dykk?Select Amos 5:26
27Eg vil føra dykk av burtanfor Damaskus, segjer han som heiter Herren, allhers Gud.Select Amos 5:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain