Skip to content
Church.wiki
Amos

Amos 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ai dykk som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias berg, dei fremste i det gjævaste folk, som fær vitjing av Israels hus!Select Amos 6:1

2Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?Select Amos 6:2

3De som vond-dagen set på dør og valdsmannen sessar på stol.Select Amos 6:3

4På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik.Select Amos 6:4

5Dei sullar til harpe-slått liksom David dei lagar seg spel.Select Amos 6:5

6Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar, dei sturar ikkje for Josefs skade.Select Amos 6:6

7Difor skal desse vera fremst i den landlyste flokken, og letings-sullen vert slutt.Select Amos 6:7

8Herren, Herren hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Jakobs høgferd mislikar eg, eg hatar hans slott, og by og bol gjev eg upp.Select Amos 6:8

9Og um det so berre var tie mann att i eitt einaste hus, dei skal døy.Select Amos 6:9

10Og frenden og brennaren kjem til å bera beini or huset. Spør han so den som er inst inni huset: «Er det nokon att hjå deg?» Han svarar: «Nei,» so segjer han: «Hyss!» For ikkje må nemnast Herrens namn.Select Amos 6:10

11For sjå, Herren byd: det store huset skal skakast i knas, og det vesle til dess at det brest.Select Amos 6:11

12Tru hestarne spring i brattberg ikring, tru uksen på sjøen dreg plogen, sidan de til forgift brigdar retten og vender rettferd til malurt?Select Amos 6:12

13I heimløyser hev dei si frygd, dei kved: «Var me ikkje hæve, at me hev vunne oss velde?»Select Amos 6:13

14For sjå, eg reiser imot dykk, Israels hus, eit folk, segjer Herren, allhers Gud. Og det skal dykk slå, frå Hamats grensa til øydemarks å.Select Amos 6:14

Next: Amos 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Amos

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.