James 2
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Mine brør! Lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg, at de gjer skil på folk!Select James 2:1
2For um det kjem ein mann inn i dykkar samling med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde,Select James 2:2
3og de ser på honom som hev den skinande klædnaden, og segjer til honom: «Set du deg her i god sess!» og de segjer til den fatige: «Statt du der, eller set deg nedfor fotskammelen min!» -Select James 2:3
4gjer de ikkje då skilnad hjå dykk sjølve og dømer etter vonde tankar?Select James 2:4
5Høyr no, mine kjære brør! Hev ikkje Gud valt ut dei fatige i denne verdi til å vera rike i tru og ervingar til det riket han hev lova deim som honom elskar?Select James 2:5
6Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolarne?Select James 2:6
7Spottar ikkje dei det gode namnet som de er kalla med?Select James 2:7
8I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter skrifti: «Du skal elska din næste som deg sjølv,» so gjer de vel;Select James 2:8
9men gjer de skil på folk, so gjer de synd, og lovi refser dykk som lovbrjotarar.Select James 2:9
10For den som held heile lovi, men snåvar i ein ting, han hev vorte saka i alt.Select James 2:10
11For han som sagde: «Du skal ikkje driva hor,» han sagde og: «Du skal ikkje slå i hel.» Um du då ikkje driv hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar.Select James 2:11
12Tala so og gjer so som dei som skal verta dømde etter fridoms lov!Select James 2:12
13For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen.Select James 2:13
14Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa honom?Select James 2:14
15Um ein bror eller ei syster er nakne og vantar føda for dagen,Select James 2:15
16og ein av dykk segjer til deim: «Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette!» men de ikkje gjev deim det som likamen treng, kva gagnar so det?Select James 2:16
17Soleis og med trui: hev ho ikkje gjerningar, so er ho daud i seg sjølv.Select James 2:17
18Men ein kann segja: «Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, og eg skal syna deg mi tru av mine gjerningar!Select James 2:18
19Du trur at Gud er ein; du gjer rett. Djevlarne trur og det og skjelv.»Select James 2:19
20Og vil du vita det, du dårlege menneskje, at trui er nyttelaus utan gjerningar?Select James 2:20
21Abraham, vår far, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret?Select James 2:21
22Du ser at trui verka saman med hans gjerningar, og at trui vart fullkomi ved gjerningarne,Select James 2:22
23og skrifti vart uppfyllt, som segjer: «Men Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd,» og han vart kalla Guds ven.Select James 2:23
24De ser då, at eit menneskje vert rettferdiggjort ved gjerningar og ikkje berre ved tru.Select James 2:24
25Like eins og med skjøkja Rahab: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennerne og slepte deim ut ein annan veg?Select James 2:25
26For liksom likamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.Select James 2:26
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation