Skip to content
Church.wiki
James

James 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar! etter di de veit at me skal få dess tyngre dom.Select James 3:1

2For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile likamen.Select James 3:2

3Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira.Select James 3:3

4Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim.Select James 3:4

5So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand!Select James 3:5

6Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite.Select James 3:6

7For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur;Select James 3:7

8men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter.Select James 3:8

9Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski som er skapte etter Guds bilæte.Select James 3:9

10Or same munnen kjem det velsigning og banning. Dette må ikkje vera so, mine brør!Select James 3:10

11Kann då kjelda gjeva søtt og beiskt vatn ut or same uppkoma?Select James 3:11

12Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? So kann ikkje heller ei salt kjelde gjeva søtt vatn.Select James 3:12

13Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde.Select James 3:13

14Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi!Select James 3:14

15Den visdomen kjem ikkje ovantil, men er jordisk, sanseleg, djevelsk.Select James 3:15

16For der det er ovund og stridssykja, der er ugreida og alt det som vondt er.Select James 3:16

17Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt.Select James 3:17

18Men rettferds frukt vert sådd i fred for deim som held fred.Select James 3:18

Next: James 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

James

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.