Skip to content
Church.wiki
James

James 5

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og no, de rike, gråt og barma dykk for den ulukka som skal koma på dykk!Select James 5:1

2Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mol-etne;Select James 5:2

3gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagarne.Select James 5:3

4Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.Select James 5:4

5De hev livt på jordi i kjæla og etter lysterne dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slagtardagen.Select James 5:5

6De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand imot dykk.Select James 5:6

7Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå, bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho fær haustregn og vårregn.Select James 5:7

8So ver de og tolmodige og styrk dykkar hjarto! for Herrens tilkoma er nær.Select James 5:8

9Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!Select James 5:9

10Mine brør! tak profetarne, som tala i Herrens namn, til fyredøme på å lida vondt og vera tolmodige!Select James 5:10

11Sjå, me prisar deim sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.Select James 5:11

12Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!Select James 5:12

13Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje!Select James 5:13

14Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver honom og salva honom med olje i Herrens namn;Select James 5:14

15og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa honom upp; og hev han gjort synder, skal dei verta honom forlatne.Select James 5:15

16Sanna då synderne dykkar for kvarandre, og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor magt i sin verknad.Select James 5:16

17Elia var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader.Select James 5:17

18Og han bad på nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.Select James 5:18

19Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender honom,Select James 5:19

20han skal vita, at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjæl frå dauden og løyner ei mengd med synder.Select James 5:20

Next: 1 Peter 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

James

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.