Skip to content
Church.wiki
Ephesians

Ephesians 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, til dei heilage i Efesus som trur på Kristus Jesus:Select Ephesians 1:1

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!Select Ephesians 1:2

3Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus,Select Ephesians 1:3

4liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn,Select Ephesians 1:4

5med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter si frie vilje-rådgjerd,Select Ephesians 1:5

6til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i honom som han elskar.Select Ephesians 1:6

7I honom hev me utløysingi ved hans blod, forlating for synderne, etter rikdomen av hans nåde,Select Ephesians 1:7

8som han gav oss rikleg i all visdom og vitsemd,Select Ephesians 1:8

9då han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han fyresette seg med seg sjølv,Select Ephesians 1:9

10um eit hushald han vilde skipa når tiderne var fullkomne, nemleg at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen, og det som er på jordi.Select Ephesians 1:10

11Og i honom hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla dertil etter hans fyresetning som verkar alt etter si vilje-rådgjerd,Select Ephesians 1:11

12so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus.Select Ephesians 1:12

13Og i honom hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i honom hev de og, då de hadde teke ved trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova,Select Ephesians 1:13

14han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov.Select Ephesians 1:14

15Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage,Select Ephesians 1:15

16so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i mine bøner,Select Ephesians 1:16

17at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg,Select Ephesians 1:17

18og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann kjenna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage,Select Ephesians 1:18

19og kor yvervættes stor hans magt er for oss som trur, etter verknaden av hans velduge kraft,Select Ephesians 1:19

20som han synte på Kristus, då han vekte honom upp frå dei daude og sette honom ved si høgre hand i himmelen,Select Ephesians 1:20

21høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande,Select Ephesians 1:21

22og han lagde alt under hans føter og gav honom som hovud yver alle ting åt kyrkja,Select Ephesians 1:22

23som er hans likam, fyllt av honom som fyller alt i alle.Select Ephesians 1:23

Next: Ephesians 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ephesians

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.