Ephesians 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykk heidningar -Select Ephesians 3:1
2um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som eg hev fenge for dykk,Select Ephesians 3:2
3at han ved openberring kunngjorde meg den løyndomen so som eg ovanfor hev skrive med få ord,Select Ephesians 3:3
4so de av det, når de les det, kann sjå mitt skyn på Kristi løyndom,Select Ephesians 3:4
5som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for menneskjeborni, so som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:Select Ephesians 3:5
6at heidningarne er medervingar og høyrer med til likamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,Select Ephesians 3:6
7det som eg vart tenar for etter den Guds nådegåva som eg hev fenge ved verknaden av hans magt.Select Ephesians 3:7
8Eg, den aller ringaste av alle dei heilage, fekk denne nåden, å forkynna heidningarne evangeliet um Kristi uransakelege rikdomSelect Ephesians 3:8
9og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting,Select Ephesians 3:9
10for di at Guds mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for magterne og herredømi i himmelen,Select Ephesians 3:10
11etter den fyresetning frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre,Select Ephesians 3:11
12han som me hev fenge fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på honom.Select Ephesians 3:12
13Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslor eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -Select Ephesians 3:13
14For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,Select Ephesians 3:14
15som er den rette fader for alt som heiter barn i himmelen og på jordi,Select Ephesians 3:15
16at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneskje,Select Ephesians 3:16
17at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto, [Stu21: 18] so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik,Select Ephesians 3:17
18må magtast å fata med alle dei heilage, kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,Select Ephesians 3:18
19og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla.Select Ephesians 3:19
20Men honom som er megtig til å gjera yver alle ting, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,Select Ephesians 3:20
21honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.Select Ephesians 3:21
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain