Skip to content
Church.wiki
Ephesians

Ephesians 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Eg legg dykk då på hjarta, eg den bundne i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med,Select Ephesians 4:1

2med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleikSelect Ephesians 4:2

3og legg vinn på å halda Andens einskap i fredsens samband:Select Ephesians 4:3

4Ein likam og ein Ande, liksom de og er kalla med ei von i dykkar kall,Select Ephesians 4:4

5ein Herre, ei tru, ein dåp,Select Ephesians 4:5

6ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle.Select Ephesians 4:6

7Men kvar og ein av oss hev fenge nåden etter det målet som Kristi gåva vert mælt med.Select Ephesians 4:7

8Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.»Select Ephesians 4:8

9Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi?Select Ephesians 4:9

10Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.Select Ephesians 4:10

11Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar,Select Ephesians 4:11

12so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til å byggja upp Kristi likam,Select Ephesians 4:12

13til dess me alle saman når fram til einskapen i trui og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla,Select Ephesians 4:13

14so me ikkje lenger skal vera umynduge og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i illråder som dei villfarande finn på,Select Ephesians 4:14

15men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til honom som er hovudet, Kristus,Select Ephesians 4:15

16so heile likamen, samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, veks sin vokster som likam ut ifrå honom til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem.Select Ephesians 4:16

17Dette segjer eg då og vitnar i Herren, at de ikkje lenger må ferdast som heidningarne ferdast i sin hugs fåfengd,Select Ephesians 4:17

18formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i deim for deira forherde hjarto skuld,Select Ephesians 4:18

19med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg til ulivnad, til all ureinskaps gjerd med havesykja.Select Ephesians 4:19

20Men de hev ikkje lært soleis um Kristus,Select Ephesians 4:20

21um de elles hev høyrt um honom og er upplærde i honom, so som sanning er i Jesus:Select Ephesians 4:21

22at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle menneskje, som vert tynt ved dei dårande lyster,Select Ephesians 4:22

23men verta uppnya ved Anden i dykkar hugSelect Ephesians 4:23

24og klæda dykk i det nye menneskje, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar.Select Ephesians 4:24

25Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.Select Ephesians 4:25

26Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm!Select Ephesians 4:26

27Og gjev ikkje djevelen rom!Select Ephesians 4:27

28Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med sine hender, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande.Select Ephesians 4:28

29Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på,Select Ephesians 4:29

30og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen!Select Ephesians 4:30

31All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk liksom all vondskap!Select Ephesians 4:31

32Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.Select Ephesians 4:32

Next: Ephesians 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ephesians

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.