Skip to content
Church.wiki
Ephesians

Ephesians 5

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,Select Ephesians 5:1

2og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!Select Ephesians 5:2

3Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage,Select Ephesians 5:3

4og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing!Select Ephesians 5:4

5For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.Select Ephesians 5:5

6Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande!Select Ephesians 5:6

7Hav difor ingen ting saman med deim!Select Ephesians 5:7

8For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljosetSelect Ephesians 5:8

9- for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -Select Ephesians 5:9

10so de prøver kva som er Herren til hugnad,Select Ephesians 5:10

11og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller!Select Ephesians 5:11

12For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um;Select Ephesians 5:12

13men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.Select Ephesians 5:13

14Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!»Select Ephesians 5:14

15Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,Select Ephesians 5:15

16so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde!Select Ephesians 5:16

17Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!Select Ephesians 5:17

18Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,Select Ephesians 5:18

19so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,Select Ephesians 5:19

20og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,Select Ephesians 5:20

21og er kvarandre undergjevne i age for Kristus!Select Ephesians 5:21

22De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!Select Ephesians 5:22

23For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam.Select Ephesians 5:23

24Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting.Select Ephesians 5:24

25De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,Select Ephesians 5:25

26so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet,Select Ephesians 5:26

27so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg.Select Ephesians 5:27

28Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv.Select Ephesians 5:28

29For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;Select Ephesians 5:29

30for me er lemer på hans likam.Select Ephesians 5:30

31Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.Select Ephesians 5:31

32Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja.Select Ephesians 5:32

33Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.Select Ephesians 5:33

Next: Ephesians 6Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ephesians

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.