Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det hende i det trettiande året, den femte dagen i den fjorde månaden, då eg var millom dei bortførde attmed Kebarelvi, at himmelen opna seg og eg såg syner frå Gud.Select Ezekiel 1:1

2Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin vart burtførd -Select Ezekiel 1:2

3då kom Herrens ord til Ezekiel Buzison, presten, i Kaldæarlandet attmed Kebarelvi. Herrens hand kom der yver honom.Select Ezekiel 1:3

4Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.Select Ezekiel 1:4

5Og midt der-utor kom det noko som liktest på fire livende. Og soleis var dei på skap: Dei hadde manneskapnad.Select Ezekiel 1:5

6Og fire andlit var det på kvart eitt av deim og fire vengjer på kvart eitt av deim.Select Ezekiel 1:6

7Og føterne deira, dei var beine, og fotbladi deira var som kalveklauver, og dei glima som skinande kopar.Select Ezekiel 1:7

8Og dei hadde mannehender under vengjerne på alle fire sidorne. Og med andliti deira og vengjerne deira var det soleis på alle fire:Select Ezekiel 1:8

9Vengjerne deira nådde i hop, den eine med hin. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk; kvart eitt gjekk beint fram.Select Ezekiel 1:9

10Og deira andlit var som eit mannsandlit på skap, og alle fire hadde løve-andlit på høgresida, og alle fire hadde ukse-andlit på vinstresida, og alle fire hadde ørne-andlit.Select Ezekiel 1:10

11Det var no andliti deira. Og vengjerne deira breidde seg ut ovantil. Med tvo av vengjerne sine nådde eitt livende i hop med hitt, og med tvo løynde det likamen sin.Select Ezekiel 1:11

12Og kvart eitt av deim gjekk beint fram. Kvar åndi vilde ganga, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.Select Ezekiel 1:12

13Og livendi såg ut som gløder i eld, brennende, som kyndlar å sjå til; elden for att og fram millom livendi, og det skein av honom, og ut or elden gjekk det ljon.Select Ezekiel 1:13

14Og livendi for att og fram, nett som eldingar å sjå til.Select Ezekiel 1:14

15Og eg såg livendi, og sjå, det var eit hjul på jordi innmed kvart eitt livende, og dei viste ut mot fire sidor.Select Ezekiel 1:15

16Og hjuli såg ut nett som dei skulde vera gjorde av eitkvart som liktest på krysolit, og alle fire var eins på skapnad, og det såg ut som dei var gjorde so at eitt hjul var inni hitt.Select Ezekiel 1:16

17Til alle fire sidorne kunde dei ganga; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.Select Ezekiel 1:17

18Og hjulfalli var høge og skræmelege, og so var dei fullsette med augo rundt ikring på alle fire.Select Ezekiel 1:18

19Og når livendi gjekk, so gjekk hjuli attmed deim, og når livendi lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med.Select Ezekiel 1:19

20Kvar åndi vilde ganga, gjekk dei, nett dit som åndi vilde ganga. Og hjuli lyfte seg med deim, for åndi åt livendi var i hjuli.Select Ezekiel 1:20

21Når livendi gjekk, so gjekk dei, og når dei stod, so stod dei, og når dei lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med, for åndi åt livendi var i hjuli.Select Ezekiel 1:21

22Og uppyver hovudi på livendi var det noko på skap som ein kvelv, som underfull krystall å sjå til, utspana uppyver hovudi deira.Select Ezekiel 1:22

23Og uppunder kvelven rette vengjerne deira seg beint ut, kvar mot annan. Kvart einskilt av deim hadde tvo vengjer som dei løynde likamen sin med.Select Ezekiel 1:23

24Og eg høyrde ljomen av vengjerne deira, som ljomen av store vatn, som røysti åt den Allmegtige, når dei gjekk, ein ljomande gny som gnyen frå eit herlæger. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.Select Ezekiel 1:24

25Og det ljoma ei røyst uppyver kvelven som var yver hovudi deira. Når dei då stod stilt, let dei vengjerne siga.Select Ezekiel 1:25

26Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, på skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneskje.Select Ezekiel 1:26

27Og eg såg noko liksom sylvblanda gull, sjåande til liksom eld med ein ljosgard ikring, frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og so uppetter. Og frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og nedetter såg eg noko liksom eld å sjå til, med eit skin rundt ikring.Select Ezekiel 1:27

28Liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og då eg fekk sjå det, fall eg ned på mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.Select Ezekiel 1:28

Next: Ezekiel 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.