Ezekiel 11
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og åndi lyfte meg og flutte meg åt Øystreporten på Herrens hus, den som snur mot aust. Og sjå, frammed inngangen åt porten var det fem og tjuge mann. Og eg såg midt ibland deim Ja’azanja Azzursson og Pelatja Benajason, hovdingarne for folket.Select Ezekiel 11:1
2Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Det er desse menner som tenkjer upp urett og legg meinråder i denne byen.Select Ezekiel 11:2
3Det er dei som segjer: Det ber ikkje snart til med husbyggjing; dette er gryta, og me er kjøtet.»Select Ezekiel 11:3
4Difor, spå imot deim! spå, du menneskjeson!Select Ezekiel 11:4
5Og Herrens ande fall på meg, og han sagde med meg: «Seg: So segjer Herren: Soleis hev de sagt, Israels-menner, og kva som leikar dykk i hugen, veit eg vel.Select Ezekiel 11:5
6Mykje folk hev de drepe i denne byen, og de hev fyllt gatorne med drepne.Select Ezekiel 11:6
7Difor, so segjer Herren, Herren: Dei de hev drepe og lagt ned der, dei er kjøtet, og byen er gryta, men dykk skal dei føra ut or honom.Select Ezekiel 11:7
8Sverd ottast de, og sverd vil eg lata koma yver dykk, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 11:8
9Og eg vil føra dykk ut derifrå og gjeva dykk i henderne på framande, og eg vil halda dom yver dykk.Select Ezekiel 11:9
10For sverd skal de falla; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk. Og de skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 11:10
11Han skal ikkje vera gryta åt dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk.Select Ezekiel 11:11
12Og de skal sanna at eg er Herren, de som ikkje hev ferdast i mine bod og ikkje gjort etter mine lover; men etter loverne åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk, hev de gjort.Select Ezekiel 11:12
13Og det hende medan eg heldt på å spå, at Pelatja Benajason døydde. Då fall eg å gruve på mitt andlit og ropa med sterk røyst: «Å, å! Herre, Herre! Vil du tyna alt som er leivt i Israel?»Select Ezekiel 11:13
14Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 11:14
15Menneskjeson! Dine brør, dine brør, dine frendar og all Israels-lyden, alle saman, til deim er det Jerusalems-buarne segjer: «Haldt dykk langt burte frå Herren! Me hev fenge landet til eiga.»Select Ezekiel 11:15
16Difor, seg: So segjer Herren, Herren: Då eg førde deim langt burt imillom heidningarne og spreidde deim i landi, då vart eg eit lite bil ein heilagdom åt deim i dei landi der dei kom.Select Ezekiel 11:16
17Difor, seg: So segjer Herren, Herren: Eg vil samla dykk frå folki og henta dykk utor landi som de er kringspreidde i, og eg vil gjeva dykk Israels land.Select Ezekiel 11:17
18Ja, dit skal dei koma, og dei skal hava burt utor det all ufysna og all styggedomen.Select Ezekiel 11:18
19Og eg vil gjeva deim eitt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inn i deim. Og eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt, og eg vil gjeva deim eit kjøthjarta,Select Ezekiel 11:19
20so dei skal ferdast i mine bod og halda mine lover og gjera etter deim. So skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.Select Ezekiel 11:20
21Men dei som let hjarta sitt ferdast etter hjarta åt dei ufyselege og styggjelege avgudarne sine, deira åtferd vil eg leggja på deira hovud, segjer Herren, Herren.»Select Ezekiel 11:21
22Då lyfte kerubarne vengjerne sine, og hjuli fylgde med deim. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.Select Ezekiel 11:22
23Og Herrens herlegdom steig upp midt utor byen og stana yver fjellet som er austanfor byen.Select Ezekiel 11:23
24Og åndi lyfte meg og førde meg til Kaldæa, til dei burtførde - i syni, ved Guds Ande, hende det. Og upp ifrå meg for syni som eg hadde set.Select Ezekiel 11:24
25Og eg tala til dei burtførde alle dei Herrens ord som han hadde synt meg.Select Ezekiel 11:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain