Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 12

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 12:1

2Menneskjeson! Midt ibland den tråssuge ætti bur du, millom slike som hev augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei tråssug ætt er dei.Select Ezekiel 12:2

3Og du, menneskjeson! Bu deg til som du skal fara i utlægd, og far burt um dagen framfor augo på deim, og du skal fara frå der du bur til ein annan stad framfor augo på deim. Kann henda dei kunde koma til å sjå; for ei tråssug ætt er dei.Select Ezekiel 12:3

4Og du skal føra ut bunaden din som ferdabunad høgstedags framfor deira augo, og sjølv skal du fara ut um kvelden framfor deira augo, sameleis som når dei fer i utlægd.Select Ezekiel 12:4

5Brjot deg eit hol i veggen framfor deira augo, og før bunaden din ut gjenom det!Select Ezekiel 12:5

6Framfor augo på deim skal du lyfta honom upp på herdi; når det er stumende myrkt, skal du føra honom ut, og du skal sveipa inn andlitet ditt, so du ikkje ser landet. For eg hev gjort deg til eit teikn for Israels-lyden.Select Ezekiel 12:6

7Og eg gjorde so som han baud meg; eg budde meg som til å fara i utlægd ved høgste-dagsleite, og um kvelden braut eg meg ut gjenom veggen med handi. Og då det var stumende myrkt vorte, førde eg bunaden min ut; på herdi bar eg honom framfor deira augo.Select Ezekiel 12:7

8Og Herrens ord kom til meg um morgonen; han sagde:Select Ezekiel 12:8

9Menneskjeson! Hev ikkje Israels-lyden, den tråssuge ætti, sagt med deg: «Kva gjer du?»Select Ezekiel 12:9

10Seg med deim: So segjer Herren, Herren: Denne beringi gjeld fyrsten i Jerusalem og all Israels-lyden som derinne er.Select Ezekiel 12:10

11Seg: Eg er eit teikn åt dykk; likeins som eg hev gjort, so skal det gjerast med deim; dei skal verta fangar og fara i utlægd.Select Ezekiel 12:11

12Og fyrsten som er hjå deim skal taka si byrd på herdi og fara ut med det er stumende myrkt. Dei skal brjota hol i muren og føra ut gjenom det. Sitt andlit skal han sveipa inn, so han ikkje skal sjå landet med sine augo.Select Ezekiel 12:12

13Og eg vil breida ut garnet mitt yver honom, og han skal verta fanga i mitt veide-net. So vil eg føra honom til Babel, til Kaldæarlandet - men det skal han ikkje sjå - og der skal han døy.Select Ezekiel 12:13

14Og alt som ikring honom er til hjelp og alle hans herflokkar vil eg spreida for alle vindar. Og sverd vil eg draga ut etter deim.Select Ezekiel 12:14

15Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg spreider deim millom folki og strår deim ut i landi.Select Ezekiel 12:15

16Men nokre få av deim vil eg leiva etter sverd og svolt og sott, so dei kann fortelja um alle sine styggjor millom folki som dei kjem til, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 12:16

17Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 12:17

18Menneskjeson! Et brødet ditt bivrande, og drikk vatnet ditt skjelvande og med hugsott!Select Ezekiel 12:18

19Og du skal segja til landslyden: So segjer Herren, Herren um deim som bur i Jerusalem, um Israels land: Brødet sitt skal dei eta med hugsott, og vatnet sitt skal dei drikka med fælske, for di deira land skal verta audt og snaudt, av di alle ibuarane for med valdsverk.Select Ezekiel 12:19

20Og folkerike byar skal verta lagde i øyde, og landet skal verta ei øydemark, og de skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 12:20

21Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 12:21

22Menneskjeson! Kva er det for eit ordtøke de hev i Israels land, at de segjer: «Dagarne gjeng, og kvar ei syn vert upp i inkje?»Select Ezekiel 12:22

23Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: Eg vil få burt dette ordtøket, og dei skal aldri meir taka det på si tunga i Israel, men seg med deim: Nær er dagarne komne og sannsegni i kvar ei syn.Select Ezekiel 12:23

24For no heretter skal det ikkje finnast fåfengd syn og falsk spådom hjå Israels-lyden.Select Ezekiel 12:24

25For eg, Herren, talar det ord eg talar, og det skal setjast i verk, det skal ikkje drygjast lenger ut. For i dykkar dagar, du tråssuge ætt, talar eg eit ord og set det i verk, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 12:25

26Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 12:26

27Menneskjeson! Sjå, Israels-lyden segjer: «Syni han ser, gjeld dagar langt undan, og um ukomne tider spår han.»Select Ezekiel 12:27

28Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: No heretter skal ikkje noko av mine ord drygjast ut lenger, det ord som eg talar, skal setjast i verk, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 12:28

Next: Ezekiel 13Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.