Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 14

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og det kom til meg nokre av styresmennerne i Israel og sette seg for mi åsyn.Select Ezekiel 14:1

2Og Herrens ord til meg; han sagde:Select Ezekiel 14:2

3Menneskjeson! Desse mennerne hev teke dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og det som er støytestein og fører deim til misgjerning, hev dei sett framfor si åsyn: skulde eg lata deim spyrja meg?Select Ezekiel 14:3

4Difor, tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Ein og kvar av Israels-lyden som tek dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og set framfor si åsyn det som er støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten, honom vil eg, Herren, gjeva svar som høver honom med dei mange ufysne avgudarne hans,Select Ezekiel 14:4

5so eg kann gripa Israels-lyden i deira hjarta, for di dei alle saman hev vendt seg frå meg med dei ufysne avgudarne sine.Select Ezekiel 14:5

6Difor, seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Vend um og vend dykk burt frå dei ufysne avgudarne dykkar, og vend dykkar åsyn burt frå alle styggjorne dykkar!Select Ezekiel 14:6

7For kvar og ein av Israels-lyden - eller av framande som bur i Israel - som skil seg frå meg og tek dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og set framfor si åsyn det som er støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten og ved honom vil spyrja meg, honom vil eg, Herren, sjølv svara;Select Ezekiel 14:7

8og eg vil setja mi åsyn mot den mannen og tyna honom og gjera honom til eit teikn og eit ordtøke og rydja honom ut or mitt folk. Og de skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 14:8

9Og når profeten let seg lokka og talar eit ord, so hev eg, Herren, lokka den profeten, og eg vil retta ut handi mi mot honom og øyda honom ut or mitt folk Israel.Select Ezekiel 14:9

10Og dei skal bera si misgjerning; likeins som med misgjerningi åt spyrjaren skal det vera med misgjerningi åt profeten,Select Ezekiel 14:10

11so Israels-lyden ikkje meir skal villast burt frå meg og ikkje meir sulka seg med alle sine misgjerningar. Men dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 14:11

12Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 14:12

13Menneskjeson! Når eit land syndar mot meg og fer med svik, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brødstaven for det og sender svolt i det og ryd ut or det folk og fe,Select Ezekiel 14:13

14og desse tri menner vøre der: Noah og Daniel og Job, då skulde dei med si rettferd berre berga si eigi sjæl, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 14:14

15Og um eg let udyr fara gjenom landet og gjera det folketomt, so det vart likt ei øydemark, at ingen kunde ferdast der berre for udyri,Select Ezekiel 14:15

16då skulde, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, desse tri mennerne, um dei vøre der, korkje berga søner eller døtter; dei åleine skulde verta berga, men landet verta ei øydemark.Select Ezekiel 14:16

17Eller um eg let sverd koma yver det landet og sagde: «Sverd skal fara gjenom landet,» og eg rudde ut or det folk og fe,Select Ezekiel 14:17

18og desse tri mennerne vøre der - so sant som eg liver, segjer Herren, Herren - dei skulde ikkje berga søner og døtter, berre dei åleine skulde verta berga.Select Ezekiel 14:18

19Eller um eg sende sott i det landet og rende ut harmen min yver det med blod til å rydja ut or det folk og fe,Select Ezekiel 14:19

20og Noah og Daniel og Job vøre der - so sant som eg liver, segjer Herren, Herren - dei skulde ikkje berga son eller dotter; dei skulde, ved si rettferd, berga berre si eigi sjæl.Select Ezekiel 14:20

21For so segjer Herren, Herren: Enn når eg då sender dei fire øgjelege straffedomarne mine: sverd og svolt og udyr og sott yver Jerusalem til å rydja ut or det både folk og fe!Select Ezekiel 14:21

22Men sjå, det vert leivt nokre undankomne, som vert burtførde, søner og døtter - sjå, dei skal fara til dykk, og de skal sjå deira åtferd og gjerningar; då skal de trøysta dykk etter ulukka som eg førde yver Jerusalem, alt som eg let koma yver det.Select Ezekiel 14:22

23Og dei skal trøysta dykk, når de ser deira åtferd og gjerningar. Då skal de skyna at eg ikkje utan grunn hev gjort alt det eg hev gjort imot det, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 14:23

Next: Ezekiel 15Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.