Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 15

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 15:1

2Menneskjeson! Kva fyremun hev vintreet framfor alle andre tre, den vintre-renningen som er millom trei i skogen?Select Ezekiel 15:2

3Brukar ein det til noko slag gagnved? eller lagar ein av det ein nabb til å hengja noko slag bunad på?Select Ezekiel 15:3

4Sjå, ein nører elden med det, og elden brenner båe endarne, og midluten vert sviden. Kann det då duga til noko yrke?Select Ezekiel 15:4

5Sjå, medan det var heilt, var det ikkje brukande til noko yrke: kor mykje minder når elden hev brent på det, og det er svide! Skulde det då vera brukande til yrke?Select Ezekiel 15:5

6Difor, so segjer Herren, Herren: Likeins som med veden av vintreet millom trei i skogen, som eg nører elden med, soleis gjer eg og med Jerusalems-buarne.Select Ezekiel 15:6

7Og eg vil setja mi åsyn mot deim; utor elden gjekk dei, men elden skal endå øyda deim ut. Og de skal sanna at eg er Herren, når eg set mi åsyn mot deim.Select Ezekiel 15:7

8Og eg vil gjera landet til ei øydemark, for di dei hev svike meg, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 15:8

Next: Ezekiel 16Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.