Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 2

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Statt upp på føterne dine so eg kann få tala med deg!»Select Ezekiel 2:1

2Og det kom ånd i meg med det same han tala med meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på honom som tala til meg.Select Ezekiel 2:2

3Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør imot meg. Dei sjølve og deira feder hev forbrote seg mot meg alt til den dag i dag.Select Ezekiel 2:3

4Og til borni med dei harde andliti og stive hjarto - eg sender deg til deim. Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, Herren.»Select Ezekiel 2:4

5Og dei, anten dei lyder på eller ikkje - for ei tråssug ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom deim.Select Ezekiel 2:5

6Og du, menneskjeson! Ikkje ottast deim! og ordi deira ottast du ikkje! For tistlar og klunger er hjå deg, og med skorpionar bur du. For ordi deira ottast du ikkje, og for deira åsyn vere du ikkje forfærd! For ei tråssug ætt er dei.Select Ezekiel 2:6

7Og du skal tala ordi mine til deim, anten dei lyder på eller ikkje, for tråssuge, det er dei.Select Ezekiel 2:7

8Men du, menneskjeson, lyd på det som eg vil tala til deg! Ver ikkje tråssug som den tråssuge ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!»Select Ezekiel 2:8

9Og som eg såg, og sjå, ei hand var rett ut til meg. Og sjå, i den var ein bokrull.Select Ezekiel 2:9

10Og han rulla honom upp framfor mi åsyn, og han var fullskriven inni og utanpå. Og skrive var det på honom syrgjesongar, sukkar og verop.Select Ezekiel 2:10

Next: Ezekiel 3Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.