Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 24

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i tiande månaden; han sagde:Select Ezekiel 24:1

2Menneskjeson! Skriv deg upp namnet på dagen - nett denne dagen! Babel-kongen er nådd til Jerusalem nett i denne dag.Select Ezekiel 24:2

3Og tala i ein liknad til den tråssuge lyden og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Set på gryta, set henne på, og slå vatn uppi henne!Select Ezekiel 24:3

4Hav kjøtstykki nedi henne, gode stykke alle, lår og bog! Fyll henne med dei likaste mergbein!Select Ezekiel 24:4

5Tak av det likaste av småfenaden! Gjer so eit eldsmål uppunder henne for beini skuld! Lat det fosskoka! Beini nedi henne kokar alt.Select Ezekiel 24:5

6Difor, so segjer Herren, Herren: Usæl vere blodbyen: ei gryta med gravrust i, og hennar gravrust gjekk ikkje av henne! Tak utor henne stykke for stykke! det vert ikkje lutkasting um radi.Select Ezekiel 24:6

7For blodet ho hev rent ut, er der endå; på eit bert svadberg hev ho helt det ut, ho hev ikkje rent det ut på jordi, so moldi kunde løyna det.Select Ezekiel 24:7

8For at harm kunde hevjast og hemnen nå, hev eg late blodet koma på berre svadet, so det ikkje skulde verta løynt.Select Ezekiel 24:8

9Difor, so segjer Herren, Herren: Usæl vere blodbyen! Eg og vil gjera eldsmålet stort.Select Ezekiel 24:9

10Legg på dugeleg med ved, kveik upp elden! Koka krafti or kjøtet, og lat sodet verta innkoka, so beini vert brende!Select Ezekiel 24:10

11Og lat henne standa tom på gløderne, so ho vert heit og koparen glodheit, so ureinska kann smelta utor henne og gravrusti tærast burt.Select Ezekiel 24:11

12Eg møddest so sårt med henne, men av gjekk ho ikkje, denne tjukke rusti. I elden då med henne!Select Ezekiel 24:12

13Di ureinska er vorti ei skjemd; etter di eg freista å reinsa deg, men du ikkje vart rein, so skal du ikkje verta rein heretter, fyrr eg fær døyva min harm på deg.Select Ezekiel 24:13

14Eg, Herren, hev tala; det kjem, og eg vil setja det i verk. Eg let det ikkje ugjort, og ikkje vil eg spara og ikkje angra. Etter dine vegar og dine gjerningar skal dei døma deg, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 24:14

15Og Herren ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 24:15

16Menneskjeson! Sjå, eg tek frå deg den dine augo hev hugnad i, ved eit slag. Men du skal ikkje barma deg og ikkje gråta, og ikkje ei tåra må renna.Select Ezekiel 24:16

17Sukka i løynd! men syrgjelag yver den daude må du ikkje gjera. Bitt huva di på deg, og tak skorne på føterne dine, og breid ikkje noko utyver skjegget, og et ikkje folks brød!Select Ezekiel 24:17

18Og eg tala til folket um morgonen, og kona mi døydde um kvelden. Og morgonen etter gjorde eg som eg var fyresagd.Select Ezekiel 24:18

19Då sagde folket med meg: «Vil du ikkje segja oss kva det skal tyda åt oss, det du gjer?»Select Ezekiel 24:19

20Og eg sagde med deim: Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 24:20

21Seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vanhelgar min heilagdom, som de lit på i ovmod, som dykkar augo hev hugnad i, og dykkar sjæl trår etter. Og dykkar søner og døtter, som de hev leivt etter dykk, skal falla for sverd.Select Ezekiel 24:21

22Då skal de gjera likeins som eg hev gjort; de skal ikkje breida noko yver skjegget og ikkje eta folks brød.Select Ezekiel 24:22

23Og huvorne dykkar skal de hava på hovudi og skorne dykkar på føterne, og de skal ikkje barma dykk og ikkje gråta. Og de skal talmast av i dykkar misgjerningar og stynja kvar med annan.Select Ezekiel 24:23

24Og Ezekiel skal vera eit teikn åt dykk; heiltupp som han hev gjort, skal de gjera. Når det kjem, då skal de sanna at eg er Herren, Herren.Select Ezekiel 24:24

25Og du, menneskjeson! Skal det ikkje henda den dagen når eg tek frå deim deira trygd, deira herlege frygd, det som deira augo hadde hugnad i og deira sjæl trådde etter, deira søner og døtter,Select Ezekiel 24:25

26at den dagen skal dei som slepp undan koma til deg og gjera det kunnigt, so folk høyrer på?Select Ezekiel 24:26

27Den same dagen skal du få lata upp munnen, når dei undansloppne er komne, og du skal tala og ikkje lenger vera mållaus, og du skal vera eit teikn åt deim, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 24:27

Next: Ezekiel 25Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.