Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 25

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 25:1

2Menneskjeson! Vend di åsyn mot Ammons-sønerne og spå imot deim!Select Ezekiel 25:2

3Og du skal segja med Ammons-sønerne: Høyr Herrens, Herrens ord! So segjer Herren, Herren: Etter di du sagde: «Hå, hå!» yver heilagdomen min, for di han vart vanhelga, og yver Israels land, for di det er i øyde lagt, og yver Juda-lyden, for di han laut fara i utlægd,Select Ezekiel 25:3

4difor, sjå, so skal austmennerne få deg til eiga, og dei skal slå sine tjeldlæger i deg og finna seg bustader i deg. Dei skal eta frukti di, og dei skal drikka mjølki di.Select Ezekiel 25:4

5Og eg vil gjera Rabba til beitemark åt kamelar og Ammonlandet til felæger. Og de skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 25:5

6For so segjer Herren, Herren: Av di du klappa med henderne og trappa med føterne og med all vanvyrdnaden i di sjæl fagna deg yver Israels land,Select Ezekiel 25:6

7difor, sjå, so retter eg handi mi imot deg og gjev deg til herfang åt folki og ryd deg ut or folkeslagi og let deg tynast ut or landi. Eg vil øyda deg ut, so du skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 25:7

8So segjer Herren, Herren: Av di Moab og Se’ir segjer: «Sjå, det gjekk med Juda-lyden likeins som med alle hine folki,Select Ezekiel 25:8

9difor, sjå, so vil eg gjera eit op i sida åt Moab frå der byarne ligg, frå byarne hans alle stader, landepryda Bet-Jesjimot, Ba’al-Meon og alt til Kirjatajim,Select Ezekiel 25:9

10so Austheims-sønerne kann koma seg inn, likeins som eg vil gjera med Ammons-sønerne, som eg gjev deim til eiga, so ein ikkje meir skal minnast Ammons-sønerne millom folki.Select Ezekiel 25:10

11Og yver Moab vil eg halda dom, so dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 25:11

12So segjer Herren, Herren: Av di Edom var so hemnfus mot Juda-lyden og førde skuld yver seg, med di dei hemnde seg på deim,Select Ezekiel 25:12

13difor - segjer Herren, Herren - so vil eg retta ut handi mi mot Edom og øyda for honom folk og fe, og eg vil gjera det til ei audn frå Teman, og heilt burt til Dedan skal dei falla for sverd.Select Ezekiel 25:13

14Og min hemn mot Edom vil eg leggja i henderne på mitt folk Israel, og dei skal fara åt med Edom etter min vreide og harm, og dei skal få kjenna min hemn, segjer Herren, Herren.»Select Ezekiel 25:14

15So segjer Herren, Herren: Av di filistarane for hemnfuse fram, av di dei med all vanvyrdnaden i si sjæl hemnde seg med tynarverk, av eit ævelegt hat,Select Ezekiel 25:15

16difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg rettar ut handi mi mot filistarane og ryd ut kretarane og tyner det som vert leivt attmed havstrandi.Select Ezekiel 25:16

17Og eg vil lata stor hemn råma deim vreide-refsingar, og dei skal sanna at eg er Herren, når eg let hemnen min nå deim.Select Ezekiel 25:17

Next: Ezekiel 26Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.