Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 27

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 27:1

2Og du, menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!Select Ezekiel 27:2

3Og du skal segja til Tyrus som bur attmed innlaupet frå havet, som handlar med folkeslagi på mange havstrender: So segjer Herren, Herren: Tyrus, du segjer: «Storfager er eg og frid.»Select Ezekiel 27:3

4I havsens hjarta er dine landskil, dei som bygde deg, gjorde deg storfager.Select Ezekiel 27:4

5Av cypresstre frå Senir bygde dei alt plankeverket på deg. Cedertre frå Libanon tok dei og gjorde til mastr på deg.Select Ezekiel 27:5

6Av eik frå Basan gjorde dei årarne dine. Dekket ditt gjorde dei av filsbein, innlagt i buskbom frå Kittim-øyarne.Select Ezekiel 27:6

7Manglita linty frå Egyptarland hadde du til segl, til å vera ditt merke, blått og purpurraudt ty frå Elisa-øyarne var ditt soltjeld.Select Ezekiel 27:7

8Folk frå Sidon og Arvad var roarar åt deg, dei kunnige av dine eigne, Tyrus, dei vart hovudsmennerne dine.Select Ezekiel 27:8

9Dei øvste og visaste frå Gebal hadde du til å bøta lekarne dine. Alle havskip og deira sjømenner var i deg og handla med deg.Select Ezekiel 27:9

10Menner frå Persia, Lud og Put var i din her, dine stridsmenner. Skjoldar og hjelmar hengde dei upp i deg, dei gav deg pryda.Select Ezekiel 27:10

11Arvads søner og din eigen her var på dine murar rundt ikring, og gammaditar var i dine tårn. Sine skjoldar hengde dei på murarne dine rundt ikring; dei gjorde deg fulleleg fager.Select Ezekiel 27:11

12Tarsis handla med deg, av di du hadde so mykje gods. Sylv, jarn, tin og bly gav dei deg for varorne dine.Select Ezekiel 27:12

13Javan, Tubal og Mesek, deim hadde du til kræmarar; menneskje og koparkjerald gav dei deg i varebyte.Select Ezekiel 27:13

14Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varorne dine.Select Ezekiel 27:14

15Dedans søner var kræmarane dine. Mange havstrender kjøpte av di hand; filsbein og ibenholt gav dei deg i skatt.Select Ezekiel 27:15

16Syria handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut; karfunkelstein, purpur og manglita ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.Select Ezekiel 27:16

17Juda og Israelslandet, dei var kræmarane dine; kveite frå Minnit og søt-kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.Select Ezekiel 27:17

18Damaskus handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut, ein ovmengd med allslags gods. Dei gav deg vin frå Hebron og kvit ull.Select Ezekiel 27:18

19Vedan og Javan frå Uzal gav att for varorne dine; jarnsmide, kassia og kalmus fekk du i varebyte.Select Ezekiel 27:19

20Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.Select Ezekiel 27:20

21Arabia og alle fyrstarne i Kedar kjøpte av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.Select Ezekiel 27:21

22Kræmarane i Sjeba og Rama, dei var dine kræmarar; krydda av aller gjævaste slag og allslags dyreverdige steinar og gull gav dei for varorne dine.Select Ezekiel 27:22

23Kharan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur, Kilmad handla med deg.Select Ezekiel 27:23

24Dei var dine kræmarar med prydelege eignating, med kåpor av purpurblått og manglita ty og med spriklute tæpe med tvinna sterke snøre på din marknad.Select Ezekiel 27:24

25Med Tarsis-skip gjorde du kjøpstemnorne dine. Du vart fyllt og ovende rik - midt i havet.Select Ezekiel 27:25

26Utpå storhavet førde dine roarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.Select Ezekiel 27:26

27Ditt gods, dine salsvaror og bytevaror, dine sjøfolk, dine skiprar, dei som bøter lekarne dine, og dei som driv din handel, og kvar ein stridsmann som i deg er, med heile ditt mannskap som er um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.Select Ezekiel 27:27

28For naudropi frå skiprarne dine skal markerne bivra.Select Ezekiel 27:28

29Og dei skal stiga utor sine skip alle som med årarne sit, mannskapet og kvar skiper på havet, til land skal dei søkja.Select Ezekiel 27:29

30Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt. Og dei skal kasta mold på sine hovud, i oska skal dei velta seg.Select Ezekiel 27:30

31Og dei skal raka seg snaude i kruna for di skuld og gyrda seg med sekk. Og dei skal gråta yver deg med sjælekvida og øya seg sårt.Select Ezekiel 27:31

32Og med dei barmar seg, skal dei setja i med ein syrgjesong yver deg og syrgjande kveda um deg: «Kven er lik Tyrus, som no er tagna midt uti havet?»Select Ezekiel 27:32

33Medan varorne dine kom frå havet, metta du mange folkeslag. Med ovmengdi av ditt gods og med dine bytevaror gjorde du kongarne på jordi rike.Select Ezekiel 27:33

34No då du er skipbroten og burtkomen på sjøen og ligg på havsens botn, no er dine bytevaror og alt ditt mannskap søkkt i kav med deg.Select Ezekiel 27:34

35Alle som bur på havstrenderne, tek fæla av din lagnad; det rys deira kongar i holdet, deira andlit bivra.Select Ezekiel 27:35

36Kjøpmennerne ibland folkeslagi hæder deg; Ei skræma er du vorten, du er ikkje til - i all æva.Select Ezekiel 27:36

Next: Ezekiel 28Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.