Ezekiel 29
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1I det tiande året, den tolvte dagen i tiande månaden, kom Herrens ord til meg; han sagde:Select Ezekiel 29:1
2Menneskjeson! Vend di åsyn mot Farao, kongen i Egyptarland, og spå mot honom og imot alt Egyptarland!Select Ezekiel 29:2
3Tala og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Farao, egyptarkonge, du, den store draken som ligg midt uti elvarne sine, og som segjer: «Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.»Select Ezekiel 29:3
4Og eg vil setja krokar i kjakarne dine, og fiskarne i elvarne dine vil eg festa i reisti dine, so dreg eg deg upp utor elvarne dine med alle fiskarne i elvarne dine, dei som er feste i reisti dine.Select Ezekiel 29:4
5Og eg skal kasta deg ut i øydemarki, deg og kvar ein fisk i elvarne dine. På berre marki skal du falla; du skal ikkje verta uppteken, ikkje uppsamla, dyri på jordi og fuglarne under himmelen skal få deg til mat.Select Ezekiel 29:5
6Og alle som bur i Egyptarland, skal sanna at eg er Herren, for di at dei vart ein røyrstav åt Israels-lyden;Select Ezekiel 29:6
7når dei grip um deg med handi, brotnar du og flengjer deim alle i herdi, og når dei styd seg på deg, ryk du i sund og fær deim alle til å sviga i lenderne.Select Ezekiel 29:7
8Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg let sverd koma yver deg, og eg vil rydja ut or deg folk og fe.Select Ezekiel 29:8
9Og Egyptarlandet skal verta til audn og øyda - og dei skal sanna at eg er Herren - for di han sagde: «Elvi er mi, og eg sjølv hev gjort henne.»Select Ezekiel 29:9
10Difor, sjå, eg vil finna deg og elvarne dine, og eg vil gjera Egyptarlandet til øydemarker, ei audn lagd i øyde, frå Midgol til Syene og alt til landskilet mot Ætiopia.Select Ezekiel 29:10
11Igjenom det skal ikkje mannefot ganga, og fefot skal ikkje ganga gjenom det, og det skal vera ubygt i fyrti år.Select Ezekiel 29:11
12Og eg vil leggja Egyptarlandet i øyde midt ibland øydeland, og i byarne - midt ibland øydestader - skal det vera audt i fyrti år. Og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå deim kringum i landi.Select Ezekiel 29:12
13For so segjer Herren, Herren: Når fyrti år er lidne, vil eg samla egyptarane frå dei folkeslag som dei var spreidde.Select Ezekiel 29:13
14Og eg vil venda Egyptarlands lagnad og føra deim attende til Patroslandet, til det landet som dei er ætta ifrå, og der skal dei vera eit vesalt kongerike.Select Ezekiel 29:14
15Det skal vera lægre enn andre kongerike og aldri meir hevja seg yver folki, og eg vil lata deim smogna i hop, so dei ikkje skal rikja yver folki.Select Ezekiel 29:15
16Og aldri meir skal Israels-lyden der søkja seg livd og soleis minna meg um deira misgjerning, med di dei snur seg etter deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.Select Ezekiel 29:16
17So hende det i det sju og tjugande året, den fyrste dagen i fyrste månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 29:17
18Menneskjeson! Nebukadressar, Babel-kongen, hev late heren sin stræva hardt mot Tyrus; kvart eit hovud er fleinskalla, og kvar ei herd avgnura. Men løn hev han og heren hans ikkje fenge av Tyrus for alt sitt stræv imot det.Select Ezekiel 29:18
19Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg gjev Nebukadressar, Babel-kongen, Egyptarland, og han skal taka rikdomen der og rana ranet og hertaka herfanget, og det skal vera løn åt heren hans.Select Ezekiel 29:19
20Til løn åt honom for strævet gjev eg honom Egyptarland; for dei hev arbeidt for meg, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 29:20
21Den same dagen vil eg lata eit horn veksa upp åt Israels-lyden; og du skal få lata upp din munn midt ibland deim, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 29:21
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain