Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 30

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg, han sagde:Select Ezekiel 30:1

2Menneskjeson! Spå og seg: So segjer Herren, Herren: Barma dykk: «Å! for ein dag!»Select Ezekiel 30:2

3For nær er ein dag, ein dag for Herren; ein myrkskya dag, ei uppgjerdstid for folkeslagi skal det vera.Select Ezekiel 30:3

4Og sverd skal koma mot Egyptarland, og Ætiopia skal få skjelve-rider når ihelstungne fell i Egyptarland. Og dei skal taka landsens rikdom, og grunnvollarne skal verta nedrivne.Select Ezekiel 30:4

5Ætiopar og folk frå Put og Lud og alt blandingsfolket og Kub og sønerne åt sambandslandet skal falla for sverd i lag med deim.Select Ezekiel 30:5

6So segjer Herren: Dei som styd Egyptarland, skal falla, og ovmodet og magti skal kverva; frå Migdol til Syene skal folket falla for sverd, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 30:6

7Og i øyde skal dei liggja millom øydeland, og byarne skal vera millom øydestader.Select Ezekiel 30:7

8Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg kveikjer eld på Egyptarland, og alle deira hjelparar vert krasa.Select Ezekiel 30:8

9Den dagen skal det fara sendemenner frå mi åsyn på skip til å setja støkk i det ottelause Ætiopia, og det skal få skjelve-rider som på Egyptarlands dag. For sjå, det kjem.Select Ezekiel 30:9

10So segjer Herren, Herren: Eg vil hava Nebukadressar, Babel-kongen, til å gjera ende på den ståkande mengdi i Egyptarland.Select Ezekiel 30:10

11Han og lyden hans med honom, valdsmennerne millom folki, skal verta henta til å herja landet. Og dei skal draga sine sverd mot Egyptarland og fylla landet med drepne menner.Select Ezekiel 30:11

12Eg vil lata elvarne torna og selja landet i henderne på illmenne. Og eg vil hava framande til å øyda landet og alt som i det er; eg, Herren, hev tala.Select Ezekiel 30:12

13So segjer Herren, Herren: Eg vil tyna dei ufysne gudarne og rydja ut avgudarne or Nof, og aldri meir skal der vera ein fyrste or Egyptarland, og eg vil leggja rædsla på Egyptarland.Select Ezekiel 30:13

14Og eg vil leggja Patros i øyde og setja eld på Soan, og halda dom yver No.Select Ezekiel 30:14

15Eg vil renna ut min harm yver Sin, den sterke verni åt Egyptarland, og rydja ut den ståkande mengdi i No.Select Ezekiel 30:15

16Og eg vil setja eld på Egyptarland, Sin skal bivrande skjelva, og i No bryt dei seg inn, og inn i Nof kjem fiendar ljose dagen.Select Ezekiel 30:16

17Dei unge menner i Aven og Pibeset skal falla for sverd, og sjølve skal dei fara i utlægd.Select Ezekiel 30:17

18I Tehafnehes skal dagen myrkna når eg der bryt sund egyptaroket, og ovmodet og magti skal endast. Sjølv vert det sveipt i skyer, og døtterne lyt fara i utlægd.Select Ezekiel 30:18

19Og eg vil halda dom yver Egyptarland, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 30:19

20So hende det i det ellevte året, den sjuande dagen i fyrste månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 30:20

21Menneskjeson! Armen åt Farao, egyptarkongen, hev eg brote forderva. Og sjå, han er ikkje vorten umbunden til helsebot, og linda til å bera i fatle, so han kunde sterkna til å gripa sverdet.Select Ezekiel 30:21

22Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna Farao, Egyptarlands-kongen, og eg skal brjota armarne hans sund, både den heile og den sundbrotne, og lata sverdet falla or handi hans.Select Ezekiel 30:22

23Eg vil spreida egyptarane ibland folki og strå deim ut i landi.Select Ezekiel 30:23

24Og Babel-kongens armar skal eg styrkja og gjeva honom sverdet mitt i hand. Men Faraos armar vil eg brjota, og han skal stynja for hans åsyn som ein stungen mann.Select Ezekiel 30:24

25Ja, Babel-kongens armar vil eg styrkja, men Faraos armar skal siga ned. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjev Babel-kongen sverdet mitt i hand, og han retter det ut mot Egyptarland.Select Ezekiel 30:25

26Og eg vil spreida egyptarane ibland folki og strå deim ut i landi, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 30:26

Next: Ezekiel 31Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.