Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 38

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 38:1

2Menneskjeson! Vend di åsyn mot Gog i Magoglandet, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal, og spå mot honom!Select Ezekiel 38:2

3Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal.Select Ezekiel 38:3

4Og eg vil snu deg um og krøkja krokar i munnvikarne dine og føra deg ut med all din her, hestar og ridarar, i full herbunad alle saman, ein heil mannfjølde med store skjoldar og små, med sverd i hand alle saman.Select Ezekiel 38:4

5Persar og ætiopar og putæar er med deim, alle saman med skjold og hjelm,Select Ezekiel 38:5

6Gomer og alle hans herskarar, Togarma-lyden, lengst or Norderland og alle hans herskarar; mange folkeslag hev du med deg.Select Ezekiel 38:6

7Herbu deg og gjer deg reidug, du og alle herflokkarne dine, som hev samla seg til deg, og du må varda deim vel.Select Ezekiel 38:7

8Etter mange dagar kjem turen til deg, når åri renn ut, skal du koma til eit land som er berga undan for sverd, sanka frå mange folkeslag, uppå Israelsfjelli, som stødt låg i øyde. Men no er det ført ut frå folkeslagi, og trygt bur dei alle saman.Select Ezekiel 38:8

9Og du skal draga dit upp; som ei stormflaga skal du koma, som ei sky skal du vera til å skyla landet, du og alle herskararne dine og mange folkeslag med deg.Select Ezekiel 38:9

10So segjer Herren, Herren: Og det skal henda den dagen, at ord skal koma upp i ditt hjarta, og du skal tenkja ein illrådig tankeSelect Ezekiel 38:10

11og segja: «Eg vil fara upp mot eit land utan verjevollar, eg vil koma på desse som er i ro, som bur trygt: alle saman bur dei utan verjemur, og bommar og portar vantar dei.»Select Ezekiel 38:11

12Til å rana ran og gjera herfang er du komen, og til å leggja di hand på uppatt-bygde øydestader, mot eit folk som er sanka frå folkeslag, og som el seg til bufe og gods, som er busett på jord-navlen.Select Ezekiel 38:12

13Sjeba og Dedan og kjøpmenner frå Tarsis og alle deira ungløvor skal segja med deg: «Kjem du hit og vil rana ran? Hev du drege i hop dine herskarar til å gjera herfang, til å føra burt sylv og gull, til å taka bufe og gods, til å rana ran i det store?»Select Ezekiel 38:13

14Difor, spå, menneskjeson, og seg med Gog: So segjer Herren, Herren: Den dagen då mitt folk Israel bur trygt, skal du då ikkje få vita det?Select Ezekiel 38:14

15Og du skal koma frå din stad langt nord i heimen, du og mange folkeslag med deg, ridande på hestar alle saman, ein stor skare og veldug her.Select Ezekiel 38:15

16Og du skal fara upp mot mitt folk Israel og skyla landet med ei sky. I dei siste dagarne skal det henda, då let eg deg koma yver landet mitt, so folkeslagi skal læra å kjenna meg, når eg syner min heilagdom på deg, Gog, framfor augo på deim.Select Ezekiel 38:16

17So segjer Herren, Herren: Er det du som eg tala um i forne dagar gjenom mine tenarar, profetarne i Israel, som spådde i dei dagarne, år for år, at eg vilde lata deg koma yver deim?Select Ezekiel 38:17

18Og det skal henda den same dagen, den dagen Gog kjem yver Israelslandet, segjer Herren, Herren, då skal harmen min koma upp i mi nos.Select Ezekiel 38:18

19Og i min brennhug, i min logande vreide talar eg: Sanneleg, den dagen skal det vera ein stor jordskjelv yver Israelslandet.Select Ezekiel 38:19

20Og skjelva for mi åsyn skal fiskarne i havet og fuglarne under himmelen og dyri på marki og alt kreket som krek på jordi og kvart eit menneskje som er på jord-yta. Og rivna skal fjelli, og rynja skal hamrarne, og kvar ein mur skal falla til jordi.Select Ezekiel 38:20

21Og eg vil kalla sverd imot honom på alle mine fjell, segjer Herren, Herren; sverd skal dei svinga mot kvarandre.Select Ezekiel 38:21

22Og eg vil halda dom yver honom med sott og med blod. Og hyljande regn og haglande steinar, eld og svåvel vil eg lata regna yver honom og yver hans herskarar og yver dei mange folkeslag som er med honom.Select Ezekiel 38:22

23Og eg vil syna meg stor og heilag og gjera meg kjend for augo på mange folkeslag. Og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 38:23

Next: Ezekiel 39Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.