Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 39

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og du, menneskjeson! Spå mot Gog og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal.Select Ezekiel 39:1

2Og eg vil snu deg um og jaga deg fram og få deg til å koma upp, lengst or Norderland, og lata deg koma upp på Israelsfjelli.Select Ezekiel 39:2

3Og eg vil slå bogen din utor vinstre handi og lata pilerne dine detta utor høgre handi.Select Ezekiel 39:3

4På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskararne dine og folkeslagi som er med deg. Til rovfuglar av alle slag og til villdyri på marki gjev eg deg til mat.Select Ezekiel 39:4

5Utyver marki skal du falla; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 39:5

6Og eg vil senda eld på Magog og på dei som bur trygt i øylandi. Og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 39:6

7Og mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt midt ibland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga, og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel.Select Ezekiel 39:7

8Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren; det er dagen som eg hev tala um.Select Ezekiel 39:8

9Då skal dei som bur i Israels-byarne ganga ut og gjera upp eld og kveikja upp med herbunader; både med store skjoldar og med små, med bogar og med piler og med stavar og mot spjot. Og med dette til brennefang skal dei elda i sju år.Select Ezekiel 39:9

10Dei skal ikkje henta ved or marki og ikkje hogga i skogarne, for dei skal elda med herbunaderne. Og dei skal rana sine ransmenner og herja sine herjarar, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 39:10

11Og det skal henda same dagen, at eg vil gjeva Gog ein gravstad i Israel, Ferdamannsdalen austum havet, og han skal stengja vegen for ferdafolket. Der skal dei gravleggja Gog og heile mannemugen hans, og dei skal kalla det Gogs-muge-dalen.Select Ezekiel 39:11

12I sju månader skal Israels-lyden jorda deim, det skal vera til å reinsa landet.Select Ezekiel 39:12

13All landslyden skal jorda deim, og det skal gjera deim namnfræge den dagen eg syner meg herleg, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 39:13

14Og dei skal velja ut menner som stødt skal fara um i landet og jorda deim som der hadde fare fram, deim som hadde vorte liggjande etter utyver jordi; det skal vera til å reinsa det. Når sju månader er lidne, skal dei taka til med leitingi.Select Ezekiel 39:14

15Når då yverfararane fer um i landet og fær sjå eit mannebein, skal dei setja upp et merke attmed det til gravarane fær grave det ned i Gogs-muge-dalen.Select Ezekiel 39:15

16Ogso eit bynamn skal vera Hamona. Soleis skal dei reinsa landet.Select Ezekiel 39:16

17Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Seg med kvar fljugande fuglen og kvart eit udyr på marki: Samla dykk saman og kom! Sanka dykk frå alle stader til slagtofferet mitt, som eg hev slagta åt dykk, eit stort slagtoffer på Israelsfjelli. Og de skal eta kjøt og drikka blod.Select Ezekiel 39:17

18Kjøt av kjempor skal de få eta, og blod frå fyrstar på jord skal de få drikka; verar, lamb og bukkar og uksar, gjødde i Basan alle i hop.Select Ezekiel 39:18

19De skal få eta feitt til de vert mette, og drikka blod til det vert drukne, av slagtofferet mitt som eg slagtar åt dykk.Select Ezekiel 39:19

20Og de skal verta mette ved mitt bord med ridehestar og vognhestar, med kjempor og hermenner av alle slag, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 39:20

21Og eg vil syna mitt storvelde millom folki, og alle folki skal sjå min dom, som eg hev halde, og mi hand, som eg hev lagt på deim.Select Ezekiel 39:21

22Og Israels-lyden skal sanna at eg er Herren, deira Gud, frå den dagen og framleides.Select Ezekiel 39:22

23Og folkeslagi skal skyna at det var for sine misgjerningar Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg laut løyna mi åsyn for deim og gjeva deim i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman.Select Ezekiel 39:23

24Etter deira ureinskap og misgjerningar for eg fram imot deim og løynde mi åsyn for deim.Select Ezekiel 39:24

25Difor, so segjer Herren, Herren: No vil eg enda Jakobs fangetid og miskunna all Israels-lyden, og eg vil vera ihuga for mitt heilage namn.Select Ezekiel 39:25

26Og dei skal bera si skjemsla og all si utrue framferd mot meg, når dei bur trygt i landet sitt, og ingen skræmer deim.Select Ezekiel 39:26

27Når eg fører deim tilbake frå folkeslagi og sankar deim or fiendelandi og helgar meg på deim for augo på dei mange folk,Select Ezekiel 39:27

28då skal dei sanna at eg er Herren, deira Gud, med di at eg førde deim burt til folkeslagi, men samlar deim no inn i deira eige land og ikkje leiver ein einaste av deim etter meg der.Select Ezekiel 39:28

29So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for deim, for eg hev rent ut min ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 39:29

Next: Ezekiel 40Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.