Ezekiel 4
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og du, menneskjeson! Tak deg ein tiglstein og rita av på honom ein by, Jerusalem!Select Ezekiel 4:1
2Og laga til umlægringsverk mot byen, og bygg åtaksmurar mot honom, og kasta upp ein voll mot honom, og slå læger mot honom, og set upp murstangarar mot honom rundt ikring.Select Ezekiel 4:2
3Og du, tak deg so ei jarnpanna og set henne til ein jarnvegg millom deg og byen; snu deg med andlitet mot honom, so han vert kringsett, og du skal kringsetja honom: eit teikn er det åt Israels-lyden.Select Ezekiel 4:3
4Og du, legg deg på vinstre sida og legg på henne syndeskuldi åt Israels-lyden; like mange dagar som du ligg på henne, skal du bera deira syndeskuld.Select Ezekiel 4:4
5Og eg let syndeskulds-åri deira vera som talet på dagarne for deg, tri hundrad og nitti dagar, so lenge skal du bera syndeskuldi åt Israels-lyden.Select Ezekiel 4:5
6Og når du hev gjort dette frå deg, skal du andre gongen leggja deg på høgre sida og bera syndeskuldi åt Juda-lyden; i fyrti dagar - ein dag for kvart år - let eg deg bera henne.Select Ezekiel 4:6
7Og mot Jerusalem, til å kringsetja det, skal du snu deg med andlitet og med berr arm, og du skal spå imot det.Select Ezekiel 4:7
8Og sjå, eg bind deg med tog, so du ikkje skal snu deg frå den eine sida til hi fyrr du hev gjort frå deg kringsetjingsdagarne dine.Select Ezekiel 4:8
9Og du, tak deg kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt, og hav det i eit trog, og laga det til brød åt deg! I like mange dagar som du ligg på sida, i tri hundrad og nitti dagar, skal du eta det.Select Ezekiel 4:9
10Og maten din skal eta etter vegt, tjuge lodd um dag. Frå tid til tid skal du eta det.Select Ezekiel 4:10
11Og vatn skal du drikka etter mål, ein pott. Frå tid til tid skal du drikka det.Select Ezekiel 4:11
12Og som ei byggkake skal du eta det, og med mannsskarn til brennefang skal du steikja det for deira åsyn.Select Ezekiel 4:12
13Og Herren sagde: «Soleis skal Israels-borni eta sitt brød ureint hjå dei folki som eg vil driva deim burt til.»Select Ezekiel 4:13
14Og eg sagde: «Ai, ei! Herre, Herre! Sjå, aldri vart sjæli mi sulka, og noko sjølvdaudt og ihelrive hev eg aldri ete frå min ungdom alt til no, og det hev ikkje kome ureint kjøt i min munn.»Select Ezekiel 4:14
15Og han sagde med meg: «Sjå, eg gjev deg kumøk i staden for mannsskarn, so du kann steikja brødet ditt yver den.»Select Ezekiel 4:15
16Og han sagde med meg: «Du menneskjeson! Sjå, eg bryt sund brødstaven for Jerusalem, og dei skal eta brød etter vegt og med otte og drikka vatn etter mål og med fælske,Select Ezekiel 4:16
17so dei skal vanta brød og vatn og verta forstøkte både ein og hin, og vanmegtast for si misgjerning.»Select Ezekiel 4:17
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain