Ezekiel 40
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1I det fem og tjugande året etter me vart burtførde, ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter byen vart teken - nett den dagen kom Herrens hand yver meg, og han førde meg dit burt.Select Ezekiel 40:1
2I syner frå Gud førde han meg til Israelsland. Og han sette meg ned på eit ovhøgt fjell, og uppå det var det liksom ein uppbygd by i sud.Select Ezekiel 40:2
3Og han førde meg dit burt. Og sjå, der var det ein mann, og han var sjåande til mest som kopar, og han heldt eit linsnøre i handi og ei mælestong. Og han stod i porten.Select Ezekiel 40:3
4Og mannen tala til meg: «Menneskjeson! Sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine og hugfest alt det eg syner deg! For du er førd hit so eg kann få syna deg det. Kunngjer for Israels-lyden alt det du ser!»Select Ezekiel 40:4
5Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Og mannen heldt mælestongi i handi, ho var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln. Og han mælte breiddi på muren: ei stong, og høgdi: ei stong.Select Ezekiel 40:5
6So kom han åt ein port som snudde i aust, og han steig uppetter troppestigi. Og han mælte ein dørstokk i porten: ei stong breid, og so ein dørstokk til: ei stong breid.Select Ezekiel 40:6
7Og kvart vaktrom var ei stong langt og ei stong breidt. Og millom vaktromi var det fem alner. Og dørstokken i porten innmed forhalli i porten innvendes var ei stong.Select Ezekiel 40:7
8Han mælte forhalli i porten innvendes; ei stong.Select Ezekiel 40:8
9Og han mælte forhalli i porten: åtte alner, og stolparne hans: tvo alner. Og forhalli i porten låg på innsida.Select Ezekiel 40:9
10Og vaktromi i porten mot aust var tri på kvar sida, alle tri like store. Og stolparne på båe sidorne var like store.Select Ezekiel 40:10
11So mælte han dørviddi på porten: ti alner, og lengdi på porten: trettan alner.Select Ezekiel 40:11
12Og det var ei sval på ein aln framfor vaktromi, og ei sval på ei aln på hi sida. Og kvart vaktrom var seks alner på den eine sida og seks alner på hi.Select Ezekiel 40:12
13So mælte han porten frå taket på det eine vaktromet til taket på hitt. Breiddi var fem og tjuge alner. Dør var mot dør.Select Ezekiel 40:13
14Og han gjorde stolparne seksti alner. Og burtåt stolparne rakk fyregarden, med porten rundt ikring.Select Ezekiel 40:14
15Og frå framsida på inngangsporten til framsida på forhalli i den indre porten var det femti alner.Select Ezekiel 40:15
16Og det var vindaugo med fast grind fyre på vaktromi og på stolparne deira innantil imot porten rundt ikring, og likeins på hallerne. Og soleis var det vindaugo rundt ikring innantil, og på stolparne var det palmor.Select Ezekiel 40:16
17So let han meg koma til den ytre fyregarden, og sjå, der var kovar og eit steinlagt golv i fyregarden rundt ikring. Det var tretti kovar på steingolvet.Select Ezekiel 40:17
18Og steingolvet var frammed sideveggjerne på portarne, jamlangt med portlengderne; det var det lægre steingolvet.Select Ezekiel 40:18
19Han mælte breiddi frå framsida åt den nedre porten til den ytre framsida åt den indre fyregarden: eit hundrad alner austetter og nordetter.Select Ezekiel 40:19
20So mælte han lengdi og breiddi på den porten som snudde i nord, på den ytre fyregarden.Select Ezekiel 40:20
21Den og hadde tri vaktrom på kvar sida, og likeins stolpar og haller like store som i den fyrste porten; femti alner lang og fem og tjuge alner breid.Select Ezekiel 40:21
22Og vindaugo og hallerne og palmorne her var like stor som i den porten som vende i aust. Og dei steig upp i porten på sju troppestig, og hallerne låg framanfor deim.Select Ezekiel 40:22
23Og ein port til den indre fyregarden var der midt imot porten i nord og i aust, og han mælte eit hundrad alner frå ein port til hin.Select Ezekiel 40:23
24So let han meg ganga sudetter, og sjå, der var ein port som snudde i sud. Og han mælte stolparne og hallerne der og; dei heldt same mål som hine.Select Ezekiel 40:24
25Det var vindaugo på honom og på hallerne rundt ikring, likeins som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.Select Ezekiel 40:25
26Og troppi der hadde sju stig, og hallerne var framanfor deim, og på stolparne var det palmor, ein på kvar sida.Select Ezekiel 40:26
27Og det var ein port til den indre fyregarden på sudsida. Og han mælte frå denne porten til sudporten: eit hundrad alner.Select Ezekiel 40:27
28So let han meg koma til den indre fyregarden gjenom sudporten. Og han mælte sudporten: han heldt same mål som hine.Select Ezekiel 40:28
29Og vaktromi og stolparne og hallerne der heldt same mål som hine. Og det var vindaugo på honom og på hallerne rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.Select Ezekiel 40:29
30Og det var haller rundt ikring: fem og tjuge alner lange og fem alner breide.Select Ezekiel 40:30
31Og hallerne der låg utåt den ytre fyregarden. Og på stolparne var det palmor. Og troppi hadde åtte stig.Select Ezekiel 40:31
32So let han meg koma til din indre fyregarden på austsida. Og han mælte porten: han heldt same mål som hine.Select Ezekiel 40:32
33Vaktromi og stolparne og hallerne der heldt same mål som hine. Og det var vindaugo på honom og på hallerne rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.Select Ezekiel 40:33
34Og hallerne der låg ut åt den ytre fyregarden. Og det var palmor på stolparne på båe sidor. Og troppi hadde åtte stig.Select Ezekiel 40:34
35So let han meg koma til nordporten. Og han mælte honom: han heldt same mål som hine.Select Ezekiel 40:35
36Likeins vaktromi, stolparne og hallerne der. Og det var vindaugo rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.Select Ezekiel 40:36
37Og stolparne der stod innmed den ytre fyregarden, og det var palmor på stolparne på båe sidor. Og troppi hadde åtte stig.Select Ezekiel 40:37
38Og det var ein kove med dørgap i portstolparne. Der skulde dei skylja brennofferet.Select Ezekiel 40:38
39Og i forhalli åt porten var det tvo bord på kvar sida til å slagta brennofferet og syndofferet og skuldofferet på.Select Ezekiel 40:39
40Og innmed den ytre sideveggen som snudde i nord, når ein steig upp i port-inngangen, var det tvo bord, og innmed hin sideveggen på forhalli åt porten stod det og tvo bord.Select Ezekiel 40:40
41Det vart då fire bord innmed kvar sidevegg på porten, soleis åtte i alt. På deim skulde dei slagta.Select Ezekiel 40:41
42Og til brennofferet var det fire bord av tilhoggen stein, ei og ei halv aln lange, og ei og ei halv aln breide og ei aln høge. På deim skulde dei leggja ambodi til å slagta brennofferet og slagtofferet med.Select Ezekiel 40:42
43Og tvigreina nabbar, ei tver hand breide, var feste på huset rundt ikring, men på bordi skulde offerkjøtet leggjast.Select Ezekiel 40:43
44Og utanfor indreporten var det kovar åt songarane i den indre fyregarden, innmed sideveggen på nordporten, og framsida deira snudde i sud. Ei koverad låg innmed sideveggen på austporten, med framsida mot nord.Select Ezekiel 40:44
45Og han sagde med meg: Denne koveradi som snur i sud med framsida si, er åt dei prestarne som hev umsut med det som skal gjerast i huset.Select Ezekiel 40:45
46Men den koveradi som snur i nord med framsida si, er åt dei prestarne som hev umsut med altartenesta; dei er Sadoks-søner, dei av Levi-sønerne som kjem nær til Herren og tener honom.Select Ezekiel 40:46
47So mælte han fyregarden: eit hundrad alner lang og eit hundrad alner breid i firkant. Og altaret var framfyre huset.Select Ezekiel 40:47
48So let han meg koma til forhalli i huset. Og han mælte stolparne i forhalli: fem alner på den eine sida og fem alner på hi, og breiddi på porten: tri alner på den eine sida og tri alner på hi.Select Ezekiel 40:48
49Forhalli var tjuge alner lang og elleve alner breid, og ho hadde troppestig som dei steig upp til henne på. Og det var sulor innmed stolparne, ei på kvar sida.Select Ezekiel 40:49
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain