Ezekiel 41
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So let han meg koma til tempelsalen. Og han mælte stolparne: seks alner breide på den eine sida og seks alner på hi; det er breiddi på tjeldbudi.Select Ezekiel 41:1
2Og dørgapet var ti alner breidt, og sideveggjerne innmed døri var fem alner på kvar sida. So mælte han lengdi på det: fyrti alner, og breiddi: tjuge alner.Select Ezekiel 41:2
3Sidan gjekk han inn i det inste romet. Og han mælte dørstolparne: tvo alner kvar, og døri: seks alner, og breiddi på døri: sju alner.Select Ezekiel 41:3
4Og han mælte lengdi på det: tjuge alner, og breiddi: tjuge alner, beint innåt templet! So sagde han med meg: «Dette er det høgheilage.»Select Ezekiel 41:4
5So mælte han husveggen: seks alner, og breiddi på sidekovarne: fire alner, rundt ikring heile huset.Select Ezekiel 41:5
6Og sidekovarne låg, kove attmed kove, i tri høgder, tretti i rad, og dei rakk inni den muren som huset hadde mot sidekovarne rundt ikring, so dei hadde studnad. Men dei studde seg ikkje i sjølve husveggen.Select Ezekiel 41:6
7Og viddi rundt ikring auka på for sidekovarne uppetter og uppetter; for hussvali gjekk uppetter og uppetter rundt kringum huset. Difor vidkast huset uppetter, og soleis steig ein upp frå nedste høgdi gjenom den millomste til den høgste.Select Ezekiel 41:7
8Og eg såg at huset låg på ein pall som nådde rundt ikring, og grunnvollarne åt sidekovarne var ei full stong, seks alner til kanten.Select Ezekiel 41:8
9Tjukkleiken på utveggen åt sidekovarne var fem alner. Og romet millom sidekovarne på husetSelect Ezekiel 41:9
10og hine kovarne hadde ei vidd på tjuge alner kringum huset, rundt ikring.Select Ezekiel 41:10
11Og inngangarne til sidekovarne låg ut åt dette romet, ein inngang i nord og ein i sud. Og breiddi på romet som var att, var fem alner breidt rundt ikring.Select Ezekiel 41:11
12Og den bygnaden som låg innmed det fråskilde tunet på vestsida, var sytti alner breid, og veggen på bygnaden var fem alner tjukk, rundt ikring, og nitti alner lang.Select Ezekiel 41:12
13Og han mælte huset: hundrad alner langt, og det fråskilde tunet og bygnaden med vegg: hundrad alner lange.Select Ezekiel 41:13
14Og framsida på huset og det fråskilde tunet mot aust var hundrad alner på breidd.Select Ezekiel 41:14
15So mælte han lengdi på den bygnaden som låg på baksida innmed det fråskilde tunet, og svalerne på båe sidor åt bygnaden: hundrad alner. Likeins det indre templet og hallerne i fyregarden,Select Ezekiel 41:15
16dørstokkarne og vindaugo med dei faste grindar og svalerne rundt ikring i deira tri høgder, romi innmed dørstokken, som var klædde med tre, rundt ikring, likeins høgdi frå jordi upp åt vindaugo. Og attfyre vindaugo var det lemmar.Select Ezekiel 41:16
17Uppyver døri, både inn imot det indre romet og utetter, og elles utyver heile veggen, innan og utan, var det utmælte bolkar.Select Ezekiel 41:17
18Og der var det gjort kerubar og palmor, so at det var ei palma millom tvo kerubar, kvar kerub hadde tvo andlit;Select Ezekiel 41:18
19eit mannsandlit mot palma på den eine sida og eit ungløve-andlit mot palma på hi. So var gjort på heile huset rundt ikring.Select Ezekiel 41:19
20Frå jordi til uppyver døri var kerubar og palmor gjorde, slik var tempelveggen.Select Ezekiel 41:20
21Templet hadde firkanta dørskier, og framsida på heilagdomen såg like eins ut.Select Ezekiel 41:21
22Og altaret var av tre, tri alner høgt og tvo alner langt, og det hadde hyrno sine, og langsida og veggjerne var av tre. Og han tala til meg: «Dette er bordet som stend framfor Herrens åsyn.»Select Ezekiel 41:22
23Og templet og heilagdomen hadde tvo dører.Select Ezekiel 41:23
24Og dørerne var tvihurda, kvar hurd med gangjarn; tvihurda var den eine og tvihurda var den andre.Select Ezekiel 41:24
25Og på deim, på tempeldørerne, var det gjort kerubar og palmor likeins som på veggjerne. Og det var eit vartak av tre på framsida åt forhalli utantil.Select Ezekiel 41:25
26Og det var vindaugo med fast grind og palmor på sideveggjerne åt forhalli, på båe sidor, likeins på sidekovarne i huset og på vartaki.Select Ezekiel 41:26
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain