Ezekiel 45
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og når de lutar ut landet til odel, so skal de gjeva ei gåva åt Herren, ein heilag-lut av landet, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi. Det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring.Select Ezekiel 45:1
2Av dette skal det vera åt heilagdomen fem hundrad på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring. Og til utmark rundt kringum det femti alner.Select Ezekiel 45:2
3Soleis skal du etter dette målet mæla fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi, og i det skal heilagdomen, det høgheilage, vera.Select Ezekiel 45:3
4Det er ein heilag-lut av landet. Han skal vera åt prestarne som gjer tenesta i heilagdomen, dei som fær koma nær til Herren og tena honom. Det skal vera til hustufter åt deim og til heilag-tufter åt heilagdomen.Select Ezekiel 45:4
5Og fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi skal vera åt levitarne, tenarane i huset. Til eiga skal dei hava tjuge gardar.Select Ezekiel 45:5
6Og til eiga åt byen skal de gjeva fem tusund på breiddi og fem og tjuge tusund på lengdi, jamsides med luten åt heilagdomen; det skal vera åt Israels-lyden.Select Ezekiel 45:6
7Og fyrsten skal hava sin lut på båe sidorne åt heilagdoms-luten og by-eigedomen, frammed heilagdoms-luten og by-eigedomen, på vestsida vestetter, og på austsida, austetter, og han skal vera jamlang med ein arvlut åt ei ætt, frå grensa åt havet til austgrensa.Select Ezekiel 45:7
8Dette skal han hava til land, til eiga i Israel. Og fyrstarne mine skal aldri meir tyngja folket mitt, men lata Israels-lyden hava landet som det vert etla åt ætterne.Select Ezekiel 45:8
9So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok, de fyrstar i Israel! Få burt vald og trælking, og gjer rett og rettferd! Haldt upp med å driva folket mitt frå gard og grunn! segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 45:9
10Rett vegt og rett efa og rett bat skal de hava.Select Ezekiel 45:10
11Ein efa og ein bat skal vera like store, so ein bat er tiandeparten av ein homer og ein efa tiandeparten av ein homer; etter homeren skal deira mål vera.Select Ezekiel 45:11
12Ein sekel skal vera tjuge gera. Tjuge seklar, fem og tjuge seklar, femtan seklar, det skal vera ei mina hjå dykk.Select Ezekiel 45:12
13Dette er den reida de skal gjeva: setteparten av ein efa av kvar homer kveite, og likeins skal de gjeva setteparten av ein efa av kvar homer bygg.Select Ezekiel 45:13
14Og den visse reida av olje, rekna i bat: tiandeparten av ein bat av kvar kor - som er ti bat eller ein homer, for ein homer er ti bat -Select Ezekiel 45:14
15og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vatsrike beitelandet i Israel til grjonoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for deim, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 45:15
16All landslyden skal vera skuldig til denne reida åt fyrsten i Israel.Select Ezekiel 45:16
17Men fyrsten skal hava den skyldnaden: å leggja til brennofferi og grjonofferet og drykkofferet i helgarne og på nymånedagarne og på kviledagarne, på alle høgtiderne hjå Israels-lyden. Han skal greida med syndofferet og grjonofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden.Select Ezekiel 45:17
18So segjer Herren, Herren: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd.Select Ezekiel 45:18
19Og presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskierne i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskierne i porten åt den indre fyregarden.Select Ezekiel 45:19
20Og likeins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for den som hev synda uviljande eller av fåkunna. Og de skal gjera soning for huset.Select Ezekiel 45:20
21Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg. I høgtidi, i sju dagar, skal de eta usyrt brød.Select Ezekiel 45:21
22Den same dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for all landslyden.Select Ezekiel 45:22
23Og dei sju høgtidsdagarne skal han ofra åt Herren eit brennoffer: sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagarne, og til syndoffer ein bukk kvar dag.Select Ezekiel 45:23
24Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver og ein åttung olje med kvar efa.Select Ezekiel 45:24
25Den femtande dagen i sjuande månaden, på høgtidi, skal han gjera likeins både syndofferet og med brennofferet og med grjonofferet og oljen i sju dagar.Select Ezekiel 45:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain