Ezekiel 6
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herrens ord kom til meg; han sagde;Select Ezekiel 6:1
2Menneskjeson! Vend di åsyn mot Israelsfjelli og spå mot deim.Select Ezekiel 6:2
3Og du skal segja: De Israelsfjell, høyr ordi frå Herren, Herren! So segjer Herren, Herren til fjelli og til haugarne, til gili og til dalarne: Sjå, eg let sverd koma yver dykk og øyder dykkar offerhaugar.Select Ezekiel 6:3
4Og dykkar altar skal verta lagde i øyde og dykkar solstolpar sundkrasa, og eg vil lata dykkar gjennomstungne falla framfor augo på dykkar ufysne avgudar.Select Ezekiel 6:4
5Og eg vil leggja liki av Israels-borni framfor augo på dykkar ufysne avgudar og strå beini dykkar rundt kringum dykkar altar.Select Ezekiel 6:5
6På kvar einaste stad der de bur, skal byarne verta lagde i øyde og offerhaugarne verta aude, so altari dykkar kann verta øydelagde og aude og dykkar ufysne avgudar sundkrasa og upp i inkje og solstolparne dykkar nedhogne og dykkar verk utstrokne;Select Ezekiel 6:6
7og gjennomstungne skal falla midt ibland dykk. Og de skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 6:7
8Men nokre vil eg leiva, med di sume av dykk slepp undan sverdet millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi.Select Ezekiel 6:8
9Og dei av dykk som slepp undan, skal minnast meg millom folki som dei er burtførde til, når eg hev knasa deira utrue hjarta som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap søkte etter deira ufysne avgudar. Og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort, med alle sine styggjor.Select Ezekiel 6:9
10Og dei skal sanna at eg er Herren. Ikkje fåfengt hev eg tala um å senda denne ulukka på deim.Select Ezekiel 6:10
11So segjer Herren, Herren: Slå i hop handlovarne dine og trappa med foten og ropa: «Ai, ei!» yver alle dei vonde styggjorne i Israels-lyden; for dei skal falla for sverd, svolt og sott.Select Ezekiel 6:11
12Den som er langt burte, skal døy av sotti, og den som er nær, skal falla for sverdet, og den som er leivd og berga, skal døy av svolten, og eg vil tøma min harm yver deim.Select Ezekiel 6:12
13Og de skal sanna et eg er Herren, når deira gjenomstungne ligg midt imillom deira ufysne avgudar, rundt kringum altari deira, på kvar ein høg haug, på alle fjelltoppar og under kvart eit grønt tre og under kvar ei lauvrik eik, på den staden der dei ofra godange åt dei ufysne avgudarne sine.Select Ezekiel 6:13
14Og eg vil retta ut handi mi mot deim og gjera landet til audn og øyda - verre enn Dibla-øydemarki - kvar dei so bur, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 6:14
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain