Skip to content
Church.wiki
Esther

Esther 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då Mordokai fekk vita alt som var hendt, reiv han sund klædi sine og klædde seg i sekk og oska, gjekk ut i byen og skreik høgt og sårt.Select Esther 4:1

2Og han kom til plassen utanfor kongsporten; for ingen fekk lov til å ganga inn i kongsporten i syrgjebunad.Select Esther 4:2

3I kvart jarlerike, dit som kongens ord og påbod nådde, der vart det stor sorg millom jødar; dei fasta og gret og jamra; mange reidde upp under seg med sekk og oska.Select Esther 4:3

4Ternorne og hirdmennerne åt Ester kom og fortalde henne dette, og dronningi vart reint forstøkt. Ho sende klæde til Mordokai som han skulde taka på seg i staden for syrgjebunaden; men han tok ikkje imot.Select Esther 4:4

5Ester kalla då til seg Hatak, ein av kongens hirdmenner, som var sett til å tena henne, og sende honom til Mordokai til å få vita kva som var tids, og kvifor han bar seg soleis.Select Esther 4:5

6Hatak gjekk ut til Mordokai på bytorget under kongsporten.Select Esther 4:6

7Og Mordokai fortalde honom um alt det som hadde hendt honom, og nemnde grant den pengesumen som Haman hadde lova å vega upp åt kongskassa for jødarne, når han fekk tynt dei.Select Esther 4:7

8Dessutan gav han honom avskrift av det skrivne påbodet som hadde vorte utferda i Susan um å rydja deim ut; han skulde syna Ester det og melde henne det, og bjoda henne å ganga inn til kongen og beda um miskunn og søkja nåde for folket sitt hjå honom.Select Esther 4:8

9Hatak kom og melde Ester det Mordokai hadde sagt.Select Esther 4:9

10Då baud Ester Hatak ganga til Mordokai og segja:Select Esther 4:10

11«Alle kongstenarane og folket i kongens jarlerike veit at den lovi gjeld for alle, kar eller kvende: gjeng nokon ukalla inn til kongen i den indre garden, so lyt han lata livet; det einaste er um kongen retter ut mot honom gullstaven, då fær han liva. Og eg hev ikkje vore kalla til kongen no på tretti dagar.»Select Esther 4:11

12Dei fortalde Mordokai kva Ester hadde sagt.Select Esther 4:12

13Då sagde Mordokai dei skulde svara henne: «Du må ikkje tenkja med deg sjølv at du skal sleppa undan millom alle jødar, av di er i huset hjå kongen.Select Esther 4:13

14Nei, tegjer du verkeleg stilt i dette høvet, so skal nok jødarne få utfriing og frelsa frå ein annan kant; men du og farshuset ditt skal ganga til grunnar. Kven veit um ikkje du hev nått til kongeleg rang just for dette høvet skuld?»Select Esther 4:14

15Då let Ester Mordokai få dette svaret:Select Esther 4:15

16«Gakk og få saman alle jødar som finst i Susan, og haldt fasta for meg, so de korkje et eller drikk noko på tri døger, natt og dag. Eg og ternorne mine vil og fasta sameleis. Og so vil eg ganga inn til kongen, endå det er ulovlegt. Lyt eg so døy, so lat meg døy!»Select Esther 4:16

17Mordokai gjekk av stad og gjorde i alle måtar so som Ester hadde bode honom.Select Esther 4:17

Next: Esther 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Esther

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.