Skip to content
Church.wiki
Esther

Esther 5

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Tridje dagen klædde Ester seg i kongelegt skrud og gjekk inn i den indre garden til kongshuset midt fyre kongshuset, og kongen sat på kongsstolen sin i kongshalli, midt imot døri til huset.Select Esther 5:1

2Då kongen såg dronning Ester standa i garden, fann ho nåde i hans augo; og kongen rette ut til Ester gullstaven som han hadde i handi. Ester gjekk då fram og tok i enden av staven.Select Esther 5:2

3Kongen sagde til henne: «Kva hev du på hjarta, dronning Ester? kva er det du ynskjer? Um det so er helvti av riket, skal du få det.»Select Esther 5:3

4Ester svara: «Tekkjest det kongen, so må kongen saman med Haman koma i dag til det gjestebodet eg hev laga til åt honom.»Select Esther 5:4

5Kongen svara: «Skunda dykk, henta Haman, so me kann gjera det Ester bed um.» So kom då kongen og Haman til gjestebodet som Ester hadde laga til.Select Esther 5:5

6Då dei sat og drakk vin, spurde kongen Ester: «Kva er di bøn? Du skal få det du bed um! Og kva er ditt ynskje? Um det vore helvti av riket, so skal det løyvast deg!»Select Esther 5:6

7Ester svara: «Bøni mi og ynskjet mitt er:Select Esther 5:7

8Hev eg funne nåde i kongens augo, og det tekkjest kongen å gjeva meg det eg bed um og gjera det eg ynskjer, so må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil laga til åt deim; so skal eg i morgon gjera som kongen segjer.»Select Esther 5:8

9Den dagen gjekk Haman derifrå glad og i godlag. Men då Haman fekk sjå Mordokai i kongsporten, og at han korkje reis upp eller synte nokon age for honom, då vart Haman full av harm mot Mordokai.Select Esther 5:9

10Like vel styrde han seg, til han kom heim. Då sende han bod etter venerne sine og etter Zeres, kona si.Select Esther 5:10

11Haman fortalde deim um all sin rikdom og herlegdom og um dei mange sønerne sine, og um alt det kongen hadde gjort til å gjera honom stor og setja honom høgre enn hovdingarne og kongens tenarar.Select Esther 5:11

12«Ja, dronning Ester,» sagde han, «let ingen annan enn meg koma med kongen til det gjestebodet ho gjorde; til i morgon og hev ho bede meg saman med kongen.Select Esther 5:12

13Men alt dette kann eg ikkje lita meg med, so lenge eg ser jøden Mordokai sitja i kongsporten.»Select Esther 5:13

14Då sagde Zeres, kona hans, og venerne hans til honom: «Lat deim gjera ein galge, femti alner høg, og bed kongen i morgon um å få hengja Mordokai i den! So kann du fara glad til gjestebords med kongen.» Denne rådi lika Haman godt, og han let deim gjera galgen i stand.Select Esther 5:14

Next: Esther 6Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Esther

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.