Joshua 11
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk spurt dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, og til kongen i Simron og kongen i AksafSelect Joshua 11:1
2og dei andre kongarne der nord, i fjellbygderne og på moarne sunnanfor Kinnerot og på låglandet og på Dorhøgderne utmed havet -Select Joshua 11:2
3til kananitarne, både i aust og i vest, og til amoritarne og hetitarne og perizitarne og jebusitarne uppi fjelli, og hevitarne nedunder Hermon, i Mispalandet.Select Joshua 11:3
4Då tok dei ut med alle herarne sine, ein hop so tett som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i haugetal.Select Joshua 11:4
5Alle desse kongarne sette einannan stemna, og for til Meromvatnet; der lægra dei seg alle i hop, og vilde stridast med Israel.Select Joshua 11:5
6Då sagde Herren til Josva: «Ver ikkje rædd deim! I morgon dette bil legg eg deim alle drepne framfor augo åt Israel. Du skal skjera sund hasarne på hestarne deira og brenna upp vognerne!»Select Joshua 11:6
7Josva og heile heren hans kom brått yver deim ved Meromvatnet, og tok på deim.Select Joshua 11:7
8Og Herren gav deim i Israels hender; Israels-sønerne vann yver deim og sette etter deim alt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og i aust alt til Mispedalen, og hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan.Select Joshua 11:8
9Og Josva for åt med deim som Herren hadde sagt til honom; hestarne deira skar han hasarne sund på, og vognerne brende han upp.Select Joshua 11:9
10Med so gjort snudde han um, og tok Hasor og hogg ned kongen som budde der; for Hasor var fyrr i tidi hovudstaden for alle desse riki.Select Joshua 11:10
11Dei bannstøytte byen, og tynte med odd og egg kvart mannsbarn som der fanst; det vart ikkje livande liv att. Josva brende upp Hasor;Select Joshua 11:11
12sidan tok han alle dei andre kongebyarne med kongarne deira, og øydde deim med odd og egg; han bannstøytte deim, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt honom fyre.Select Joshua 11:12
13Men ingen av dei byarne som låg der på høgderne, sette israelitarne eld på; det var berre Hasor Josva brende upp.Select Joshua 11:13
14Og alt herfanget og bufeet Israels-sønerne tok i desse byarne, eigna dei til seg; men folki tynte dei med odd og egg, til dei hadde rudt deim ut; dei sparde ikkje eit einaste liv.Select Joshua 11:14
15Det som Herren hadde sagt Moses, tenaren, sin fyre, det hadde Moses sagt med Josva, og etter det gjorde Josva; han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.Select Joshua 11:15
16Soleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygderne og heile Sudlandet og heile Gosenlandet og låglandet og moarne og fjellbygderne i Israel og flatlandet som ligg nedunder deim,Select Joshua 11:16
17frå svadknausen som ris upp yver Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanonsdalen, nedunder Hermonfjellet; og alle kongarne der fanga han, og slo deim i hel.Select Joshua 11:17
18I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongarne.Select Joshua 11:18
19Det fanst ingen by som gav seg under Israels-sønerne med gode, utan hevitarne i Gibeon; alt hitt tok dei med magt.Select Joshua 11:19
20Herren laga det so at dei gjorde seg harde i hugen og møtte Israel i strid, av di han vilde at dei skulde bannstøytast og ingen nåde få, men øydast ut, soleis som han hadde sagt med Moses.Select Joshua 11:20
21I den same tidi kom Josva og rudde ut anakitarne i fjellbygderne, i Hebron og Debir og Anab, og på heile Judafjellet og heile Israelsfjellet. Han bannstøytte både deim og byarne deira.Select Joshua 11:21
22Ingen anakit vart att i Israelslandet, berre dei som var i Gasa og Gat og Asdod, fekk liva.Select Joshua 11:22
23Josva lagde under seg heile landet, heiltupp soleis som Herren hadde sagt til Moses, og let israelitarne få det til odel og eiga etter sine folkegreiner og ætter, då landet var kome til ro etter ufreden.Select Joshua 11:23
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain