Joshua 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Dei kongarne austanfor Jordan som Israels-sønerne vann yver og tok landet frå millom Arnonåi og Hermonfjellet, med alle moarne i aust,Select Joshua 12:1
2det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnonåi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne,Select Joshua 12:2
3og yver moarne på austsida, upp til Kinneretsjøen, og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-ha-Jesjimot og sud under Pisgaliderne;Select Joshua 12:3
4so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av deim som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre’i,Select Joshua 12:4
5og rådde yver fjellbygderne kring Hermon, og yver Salka, og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritarne og ma’akatitarne, og yver helvti av Gilead, til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.Select Joshua 12:5
6Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, let rubenitarne og gaditarne og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.Select Joshua 12:6
7Og dei kongarne som Josva og Israels-sønerne vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanonsdalen til svadknausen som ris upp imot Se’ir - det landet som Josva skifte ut åt Israels-ætterne, grein for grein -Select Joshua 12:7
8i fjellbygderne og på låglandet og på moarne og i liderne og i øydemarki og i Sudlandet, kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne,Select Joshua 12:8
9det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Aj, som ligg tett med Betel, ein,Select Joshua 12:9
10kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,Select Joshua 12:10
11kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein,Select Joshua 12:11
12kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,Select Joshua 12:12
13kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,Select Joshua 12:13
14kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,Select Joshua 12:14
15kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,Select Joshua 12:15
16kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,Select Joshua 12:16
17kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,Select Joshua 12:17
18kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein,Select Joshua 12:18
19kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,Select Joshua 12:19
20kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,Select Joshua 12:20
21kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,Select Joshua 12:21
22kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,Select Joshua 12:22
23kongen i Dor på Dorhøgderne, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,Select Joshua 12:23
24kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.Select Joshua 12:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain