Skip to content
Church.wiki
Joshua

Joshua 18

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1So kom heile Israels-lyden saman i Silo, og der sette dei upp møtetjeldet; for no var landet vunne, og låg ope for deim.Select Joshua 18:1

2Men endå var det att sju av Israels-ætterne som ikkje hadde skift odelsjordi si.Select Joshua 18:2

3Då sagde Josva til Israels-sønerne: Kor lenge vil de drygja fyrr de kjem og eignar til dykk det landet som Herren, dykkar fedregud, hev gjeve dykk?Select Joshua 18:3

4Kom med tri mann av kvar ætt, som eg kann senda i veg, so skal dei stella seg til, og fara kring i landet og skriva upp alt det dei ser, so me kann vita kor mykje der er å skifta; sidan skal dei koma attende til meg.Select Joshua 18:4

5So skal de byta landet i sju luter og skifta deim millom dykk! Juda-sønerne skal verta verande i det landet dei hev fenge der sud, og Josefs-ætterne i sitt land her nord;Select Joshua 18:5

6men de skal skriva upp alt som er i landet, i sju bolkar, og koma hit til meg med uppskrifti, so skal eg draga strå for dykk her, framfor Herrens, vår Guds, åsyn.Select Joshua 18:6

7For levitarne fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme skal vera deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav deim.Select Joshua 18:7

8So gjorde mennerne seg reiduge til å fara, og då dei tok ut, sagde Josva med deim at dei skulde skriva upp alt dei såg i landet. «Tak i vegen,» sagde han, «og far kring i landet, og skriv upp alt, og kom attende til meg, so skal eg draga strå for dykk framfor Herrens åsyn her i Silo.»Select Joshua 18:8

9Dermed tok mennerne av stad og for kring i landet, og skreiv upp bygd for bygd i ei bok, i sju bolkar. So kom dei attende til Josva, til Silo-lægret,Select Joshua 18:9

10og Josva drog strå for deim, framfor Herrens åsyn; der, i Silo, skifte han landet millom Israels-ætterne, etter som dei hadde folk til.Select Joshua 18:10

11Den fyrste luten fall på Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira; det landet dei fekk, kom til å liggja millom Juda-sønerne og Josefs-sønerne.Select Joshua 18:11

12Fylkesdeilet gjekk på nordsida upp frå Jordan og nordum Jerikoåsen og stemnde so vestetter upp på fjellet og fram til Bet-Avenheidi.Select Joshua 18:12

13Derifrå tok det burtyver til Luz, sunnanfor Luzåsen, der Betel ligg, og gjekk so ned til Atrot-Addar, og upp på det fjellet som ligg sunnanfor Nedre Bet-Horon.Select Joshua 18:13

14So gjorde skiftelina ein sving, og vende seg, på vestsida, sudetter frå det fjellet som ligg beint sunnanfor Bet-Horon, til ho enda innmed Kirjat-Ba’al, ein by som høyrde Juda-sønerne til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestsida.Select Joshua 18:14

15På sudsida gjekk fylkesdeilet frå enden av Kirjat-Jearim - der var det skiftelina tok til i vest - og fram til Me-Neftoahkjelda.Select Joshua 18:15

16So gjekk skiftelina ned til foten av fjellet som ligg austanfor Hinnomssonsdalen, nordanfor Kjempesletta, tok so ned Hinnomsdalen til sudsida av Jebusitaråsen og ned til En-Rogel.Select Joshua 18:16

17Sidan svinga ho mot nord og gjekk fram til En-Semes og til dei steinkrinsarne som ligg midt for Adummimkleivi, og tok so ned til Bohan-Rubensson-steinen.Select Joshua 18:17

18Der tok ho yver til den åsen som ligg rett i nord for Araba, og so ned til Araba.Select Joshua 18:18

19Sidan heldt ho fram til nordsida av Bet-Hoglaåsen, og enda i den nørdste viki av Saltsjøen, attmed Jordanosen. Dette var fylkesdeilet i sud.Select Joshua 18:19

20På austsida var det Jordan som var deile. Dette var odelsjordi åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira, med fylkesdeilderne rundt ikring.Select Joshua 18:20

21Byarne som Benjamins-ætti og greinerne hennar var: Jeriko og Bet-Hogla og Emek-KesisSelect Joshua 18:21

22og Bet-ha-Araba og Semarajim og BetelSelect Joshua 18:22

23og Avvim og Happara og OfraSelect Joshua 18:23

24og Kefar-ha-Ammoni og Ofni og Geba, tolv byar med grenderne ikring;Select Joshua 18:24

25Gibeon og Rama og Be’erotSelect Joshua 18:25

26og Mispe og Kefira og HammosaSelect Joshua 18:26

27og Rekem og Jirpe’el og TaralaSelect Joshua 18:27

28og Sela, Elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, og Gibat og Kirjat, fjortan byar, med grenderne ikring. Dette var landet åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira.Select Joshua 18:28

Next: Joshua 19Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Joshua

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.