Joshua 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Alle amoritarkongarne vestanfor Jordan og alle kananitarkongarne utmed havet vart so rædde at dei reint vilde uvita då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-folket medan dei for yver, og dei hadde ingen hug meir til å taka att med Israels-sønerne.Select Joshua 5:1
2I det same bilet sagde Herren til Josva: «Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-sønerne att!»Select Joshua 5:2
3So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-sønerne på ein haug som sidan vert kalla Huvudhaugen.Select Joshua 5:3
4Men at Josva laut umskjera deim, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptarland, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptarland.Select Joshua 5:4
5No var alle dei som for frå Egyptarland umskorne, men av deim som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.Select Joshua 5:5
6For i fyrti år laut Israels-sønerne ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptarland, var daude og burte; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han deim til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.Select Joshua 5:6
7Men i staden for deim let han borni deira veksa upp; deim var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.Select Joshua 5:7
8Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.Select Joshua 5:8
9Og Herren sagde til Josva: «I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi.» Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag.Select Joshua 5:9
10Medan Israels-sønerne låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jerikomoarne den fjortande dagen i månaden, um kvelden.Select Joshua 5:10
11Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.Select Joshua 5:11
12Same dagen traut manna; for no åt Israels-folket av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana’ans-landet.Select Joshua 5:12
13Då Josva var innmed Jeriko, hende det honom noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre honom med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sagde: «Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?»Select Joshua 5:13
14«Nei», svara han, «eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen.» Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sagde: «Kva hev herren min å segja tenaren sin?»Select Joshua 5:14
15Då svara hovdingen yver Herrens her: «Drag skoen av foten din! for den staden du stend på, er heilag.» Og Josva gjorde so.Select Joshua 5:15
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain