1 Chronicles 15
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og han bygde seg hus i Davidsbyen, og sidan laga han til ein stad åt Guds kista og sette upp eit tjeld åt henne.Select 1 Chronicles 15:1
2Då baud David: «Ingen må bera Guds kista utan levitarne; for deim hev Herren valt ut til å bera Guds kista og til å tena honom» i all æva.Select 1 Chronicles 15:2
3Og David samla heile Israel Jerusalem; til å føra Herrens kista upp til den staden han hadde laga til åt henne.Select 1 Chronicles 15:3
4Og David stemnde i hop Arons-sønerne og levitarne:Select 1 Chronicles 15:4
5av Kehats-sønerne Uriel, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tjuge;Select 1 Chronicles 15:5
6av Merari-sønerne Asaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad og tjuge;Select 1 Chronicles 15:6
7av Gersoms-sønerne Joel, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tretti;Select 1 Chronicles 15:7
8av Elisafans-sønerne Semaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad;Select 1 Chronicles 15:8
9av Hebrons-sønerne Eliel, hovdingen, og brørne hans, åtteti;Select 1 Chronicles 15:9
10av Uzziels-sønerne Amminadab, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tolv.Select 1 Chronicles 15:10
11Og David kalla åt seg prestarne Sadok og Abjatar og levitarne Uriel, Asaja og Joel, Semaja og Eliel og Amminadab.Select 1 Chronicles 15:11
12Og han sagde til deim: «De er hovdingar for ættgreinerne i Levi. Helga dykk, de og brørne dykkar, og før so kista åt Herren, Israels Gud, upp til den staden som eg hev laga til åt henne!Select 1 Chronicles 15:12
13Det var for di de ikkje var med fyrre gongen, at Herren, vår Gud, braut ned ein av oss, til straff for at me ikkje søkte honom som rett var.»Select 1 Chronicles 15:13
14Då helga dei seg, prestarne og levitarne, so dei kunde føra upp kista åt Herren, Israels Gud.Select 1 Chronicles 15:14
15Og levitsønerne bar Guds kista med stenger som låg på herdarne deira, soleis som Moses hadde sagt deim fyre etter Herrens ord.Select 1 Chronicles 15:15
16Og David baud levithovdingarne at dei skulde stella brørne sine, songarane, fram med spel, harpor, cithrar og cymblar, som dei skulde låta på medan dei let gledesongen ljoma.Select 1 Chronicles 15:16
17Levitarne sette då Heman Joelsson til dette, og av hans brør Asaf Berekjason, og av brørne deira, Merari-sønerne, Etan Kusajason,Select 1 Chronicles 15:17
18og jamsides med deim brørne deira av andre rangen, Zakarja, Ben, Ja’aziel og Semiramot og Jehiel og Unni, Eliab og Benaja og Ma’aseja og Mattitja, Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel, dørvaktarane.Select 1 Chronicles 15:18
19Songarane Heman, Asaf og Etan skulde slå på koparcymblar.Select 1 Chronicles 15:19
20Zakarja og Asiel og Semiramot og Jehiel og Unni og Eliab og Ma’aseja og Benaja skulde spela på harpor etter Alamot.Select 1 Chronicles 15:20
21Mattitja og Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel og Azazja skulde spela på cithrar etter Sjeminit.Select 1 Chronicles 15:21
22Kenanja, som var førar for levitarne ved beringi; skulde læra deim å bera; for han var kunnig i slikt.Select 1 Chronicles 15:22
23Berekja og Elkana skulde vera dørvaktarar ved kista.Select 1 Chronicles 15:23
24Sebajna og Josafat og Netanel og Amasai og Zakarja og Benaja og Eliezer, prestarne, skulle blåsa i trompetar framfyre Guds kista. Og Obed-Edom og Jehia skulde vera dørvaktarar ved kista.Select 1 Chronicles 15:24
25So gjekk David og dei øvste i Israel og yverhovudsmennerne av stad og skulde føra Herrens sambandskista med fagnad upp or huset åt Obed-Edom.Select 1 Chronicles 15:25
26Og med di Gud verna levitarne som bar Herrens sambandskista, so ofra dei sju uksar og sju verar.Select 1 Chronicles 15:26
27Og David gjekk då med ei kappa av fint linan, og like eins alle levitarne som bar kista, og songarane, og Kenanja, føraren for songarane ved beringi. Dessutan bar David ein linhakel.Select 1 Chronicles 15:27
28Og heile Israel flutte Herrens sambandskista upp med fagnadrop og lurljom, og dei bles i trompetar og slo på cymblar let harpor og cithrar.Select 1 Chronicles 15:28
29Då so Herrens sambandskista kom til Davidsbyen, såg Mikal, dotter åt Saul, ut gjenom vindauga, og då ho fekk auga på kong David, som hoppa og leika seg, vanvyrde ho honom i sitt hjarta.Select 1 Chronicles 15:29
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain