Skip to content
Church.wiki

2 Chronicles Chapter 10 Studentmållagsbibelen frå 1921

Historical books · 2 Chronicles · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 19 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

역대하 10장은 솔로몬이 죽은 뒤 르호보암이 세겜에서 백성의 감세 요청을 거절하여 북쪽 지파들이 다윗 왕가에서 떨어져 나가는 장이다.

Jump to verse

102 Chronicles · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Rehabeam for til Sikem, for heile Israel var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.
2Men då Jeroboam Nebatsson frette det - han var i Egyptarland og hadde rømt dit for kong Salomo - då snudde han heim att frå Egyptarland.
3Då sende dei bod og kalla honom; og Jeroboam og heile Israel kom. Og dei sagde til Rehabeam:
4«Far lagde på oss eit hardt ok; men vil no du letta på det harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so skal me tena deg.»
5Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar, og kom so til meg att!» Og folket gjekk.
6Då rådførte kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de til å gjeva dette folket?»
7Dei svara honom: «Vil du vera venleg mot dette folket i dag og syna deg nådig imot deim og gjeva deim eit venlegt svar, då vil dei vera dine tenarar for alle tider.»
8Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom, men rådførde seg med dei unge som var uppvaksne i lag med honom og stod i hans tenesta.
9Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket, som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»
10Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far lagde eit tung ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - so skal du segja til deim: «Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmarne åt far min.
11Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»»
12So kom Jeroboam med heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom til meg att tridje dagen!»
13Då gav kongen folket eit hardt svar, for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom;
14etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt åk på dykk, so skal eg gjera det endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»
15Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Gud laga det soleis, so Herrens ord skulde sannast som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson ved siloniten Ahia.
16Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket kongen dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim att, Israel, kvar til si hytta! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So gjekk heile Israel kvar til sitt.
17Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.
18Og då kong Rehabeam sende i veg Hadoram, som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet til deim, då steina Israels-sønerne honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.
19So reiv då Israel seg laus frå Davids hus, og soleis hev det vore til den dag i dag.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

19 verses in this chapter
10 / 36 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this chapter

More