2 Chronicles 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Men då Rehabeam hadde grunnfest kongedømet sitt og kjende seg sterk, då vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med honom.Select 2 Chronicles 12:1
2Då drog egyptarkongen Sisak upp mot Jerusalem i femte styringsåret åt Rehabeam, for di dei hadde vore utrue mot Herren;Select 2 Chronicles 12:2
3han kom med tolv hundrad krigsvogner, seksti tusund hestfolk, og ingen kunde rekna det folket som drog med honom frå Egyptarland, Libya-menner, sukkitar og ætiopar.Select 2 Chronicles 12:3
4Og då han hadde teke dei faste borgarne i Juda, drog han mot Jerusalem.Select 2 Chronicles 12:4
5Då kom profeten Semaja til Rehabeam og hovdingarne i Juda, som hadde søkt til Jerusalem for Sisak, og han sagde til deim: «So segjer Herren: «De hev vendt dykk ifrå meg, difor hev eg vendt meg ifrå dykk og gjeve dykk i handi på Sisak.»»Select 2 Chronicles 12:5
6Men hovdingarne i Israel og kongen audmykte seg og sagde: «Herren er rettferdig.»Select 2 Chronicles 12:6
7Og då Herren såg at dei hadde audmykt seg, kom Herrens ord til Semaja soleis: «For di dei hev audmykt seg, vil eg ikkje tyna deim, men gjeva deim ei snaud frelsa, so at vreiden min ikkje strøymer ut yver Jerusalem ved Sisak.Select 2 Chronicles 12:7
8Men dei skal verta hans tenarar og læra å kjenna skilnaden på det å tena meg og tena kongeriki i heidningelandi.»Select 2 Chronicles 12:8
9Då drog Sisak upp imot Jerusalem og tok skattarne i Herrens hus og skattarne i huset åt kongen; alt tok han, og han tok og dei gullskjoldarne som Salomo hadde lata gjere.Select 2 Chronicles 12:9
10I staden for deim let då kong Rehabeam gjera koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, som heldt vakt ved inngangen til huset åt kongen.Select 2 Chronicles 12:10
11Og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim, og tok deim so attende til vaktstova.Select 2 Chronicles 12:11
12Men då han hadde audmykt seg, snudde Herrens vreide seg ifrå honom, so han vart ikkje reint tynt; det fanst då noko godt og i Juda.Select 2 Chronicles 12:12
13Soleis vart kong Rehabeam grunnfest i Jerusalem, og han heldt fram med styringi; for Rehabeam var ein og fyrti år gamall då han vart konge, og han styrde i syttan år i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt seg ut av alle ætterne i Israel til å setja namnet sitt der. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.Select 2 Chronicles 12:13
14Han gjorde det som vondt var; for han lagde ikkje hugen sin på å søkja Herren.Select 2 Chronicles 12:14
15Det som er å fortelja um Rehabeam frå fyrste til sist, det er uppskrive i krønikorne åt profeten Semaja og sjåaren Iddo, der som ættartali er upprekna. Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred stødt.Select 2 Chronicles 12:15
16Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og Abia, son hans, vart konge i staden hans.Select 2 Chronicles 12:16
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain