2 Chronicles 17
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Josafat, son hans, vart konge i staden hans. Han synte seg sterk imot Israel,Select 2 Chronicles 17:1
2og lagde herfolk i alle dei faste byarne i Juda og sette inn vakter i Judalandet og i dei byarne i Efraim som Asa, far hans, hadde herteke.Select 2 Chronicles 17:2
3Og Herren var med Josafat, for han fylgde dei fyrste vegarne åt David, far sin, og heldt seg ikkje til Ba’alarne,Select 2 Chronicles 17:3
4men søkte til far sin’s Gud og fylgde bodi hans og gjorde ikkje soleis som Israel.Select 2 Chronicles 17:4
5Difor grunnfeste Herren kongedømet i hans hand, og heile Juda gav Josafat gåvor, so at han fekk mykje rikdom og æra.Select 2 Chronicles 17:5
6Då voks modet hans på Herrens vegar, og han fekk ogso burt offerhaugarne og Astarte-bilæti frå Juda.Select 2 Chronicles 17:6
7I det tridje styringsåret sitt sende han hovdingarne sine Benha’il og Obadja og Zakarja og Netanel og Mikaja til å læra i Juda-byarne,Select 2 Chronicles 17:7
8og saman med deim levitarne Semaja og Netanja og Zebadja og Asael og Semiramot og Jonatan og Adonja og Tobia og Tob-Adonia, levitarne, og med deim prestarne Elisama og Joram.Select 2 Chronicles 17:8
9Dei lærde i Juda, for dei hadde Herrens lovbok med seg, og dei drog kringum i alle Juda-byarne og lærde folket.Select 2 Chronicles 17:9
10Då kom ein støkk frå Herren yver alle riki i dei landi som låg rundt ikring Juda, so dei våga seg ikkje i krig med Josafat.Select 2 Chronicles 17:10
11Nokre av filistarane førde gåvor til Josafat, og sylv til skatt, og arabarane og førde småfe til honom, sju tusund og sju hundrad verar og sju tusund sju hundrad bukkar.Select 2 Chronicles 17:11
12Soleis gjekk Josafat frametter stødt til han vart overlag megtig, og han bygde borger og upplagsbyar i Juda,Select 2 Chronicles 17:12
13og han store forråd i Juda-byarne og stridsdjerve herfolk i Jerusalem.Select 2 Chronicles 17:13
14Dette er lista yver deim etter ættgreinerne deira: Yverhovdingarne i Juda var: Hovdingen Adna med tri hundrad tusund djerve stridsmenner;Select 2 Chronicles 17:14
15jamsides honom hovdingen Johanan med tvo hundrad og åtteti tusund mann;Select 2 Chronicles 17:15
16jamsides honom Amasja Zikrison, som hadde gjenge i Herrens tenesta friviljugt, og med honom var tvo hundrad tusund djerve stridsmenner;Select 2 Chronicles 17:16
17framleides var det frå Benjamin den djerve kjempa Eljada med tvo hundrad tusund mann, som bar boge og skjold,Select 2 Chronicles 17:17
18jamsides honom Jozabad med hundrad og åtteti tusund djerve stridsmenner.Select 2 Chronicles 17:18
19Dette var dei som stod i tenesta åt kongen, umfram deim som kongen hadde lagt i borgbyarne i heile Juda.Select 2 Chronicles 17:19
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain