Skip to content
Church.wiki
2 Chronicles

2 Chronicles 29

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Hizkia vart konge då han var tjuge år gamall, og ni og tjuge år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abia og var dotter åt Zakarja.Select 2 Chronicles 29:1

2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, nett som David, far hans, hadde gjort.Select 2 Chronicles 29:2

3I den fyrste månaden i det fyrste styringsåret sitt let han opna dørerne til Herrens hus og sette deim i stand.Select 2 Chronicles 29:3

4So let han prestarne og levitarne koma og stemnde deim saman på den opne plassen mot aust.Select 2 Chronicles 29:4

5Og han sagde til deim: «Høyr på meg, de levitar! No skal de helga dykk sjølve, og deretter skal de helga huset åt Herren, dykkar fedregud, og føra ureinskapen ut or heilagdomen.Select 2 Chronicles 29:5

6For federne våre hev vore utrugne og hev gjort det som vondt var for augo åt Herren, vår Gud; dei hev gjenge burt ifrå honom, hev vendt si åsyn burt ifrå Herrens hus og snutt ryggen til det.Select 2 Chronicles 29:6

7Dei hev og stengt dørerne til forhalli, hev sløkt lamporne; ikkje kveikt røykjelse eller ofra brennoffer i heilagdomen åt Israels Gud.Select 2 Chronicles 29:7

8Difor kom Herrens harm yver Juda og Jerusalem, og han gjorde deim til eit skræmsel, ei fæla og eit åtløgje, som de ser med eigne augo.Select 2 Chronicles 29:8

9Til straff for dette er federne våre falne for sverdet, og sønerne og døtterne og konorne våre er hertekne.Select 2 Chronicles 29:9

10Difor hev eg no sett meg fyre at eg vil gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, so hans brennande harm må venda seg ifrå oss.Select 2 Chronicles 29:10

11Lat det difor ikkje skorta dykk på ihuge, sønerne mine, for dykk hev Herren valt ut til å standa for hans åsyn og tena honom og vera tenarane hans og kveikja røykjelse for honom.»Select 2 Chronicles 29:11

12Då reiste levitarne seg: Mahat Amasaison og Joel Azarjason av kahatitsønerne; av Merari-sønerne Kis Abdison, og Azarja Jehallelelsson, og av gersonitarne Joah Zimmason, og Eden Joahsson.Select 2 Chronicles 29:12

13Av Elisafans-sønerne Simri og Je’uel, og av Asafs-sønerne Zakarja og Mattanja,Select 2 Chronicles 29:13

14og av Hemans-sønerne Jehuel og Sime’i, og av Jedutuns-sønerne Semaja og Uzziel.Select 2 Chronicles 29:14

15Dei samla brørne sine, og dei helga seg, og sidan gjekk dei inn for å reinsa Herrens hus, so som kongen hadde bode etter fyresegnerne frå Herren.Select 2 Chronicles 29:15

16Og prestarne gjekk inn det indre av Herrens hus og reinsa det, og alt det ureine som dei fann i Herrens tempel, førde dei ut i tunet ved Herrens hus; der tok levitarne imot det og førde det ut i Kidronsdalen.Select 2 Chronicles 29:16

17Den fyrste dagen i den fyrste månaden tok dei til å helga, og den åttande dagen i månaden gjekk dei inn i Herrens forhall og helga Herrens hus i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med det.Select 2 Chronicles 29:17

18So gjekk dei inn til kong Hizkia og sagde: «No hev me reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret og alt som til høyrer, og skodebrødsbordet og alt som til høyrer.Select 2 Chronicles 29:18

19Alle dei reidskaparne som kong Ahaz hev vanhelga i sin utruskap medan han var konge, deim hev me sett i stand og helga, og no stend dei framfyre Herrens altar.»Select 2 Chronicles 29:19

20Tidleg um morgonen samla kong Hizkia dei øvste i byen og gjekk upp til Herrens hus.Select 2 Chronicles 29:20

21Og dei førde fram sju uksar, sju verar, sju lamb og sju geitebukkar til syndoffer for kongeriket og heilagdomen og Juda; og han baud Arons-sønerne, prestarne, å ofra deim på Herrens altar.Select 2 Chronicles 29:21

22Dei slagta då uksane, og prestarne tok imot blodet og skvette det på altaret; so slagta dei verarne og skvette blodet på altaret, so slagta dei lambi og skvette blodet på altaret.Select 2 Chronicles 29:22

23Sidan førde dei syndofferbukkarne fram for kongen og lyden, og dei lagde henderne sine på deim,Select 2 Chronicles 29:23

24so slagta prestarne dei og hadde blodet deira på altaret til syndoffer, til soning for heile Israel; for kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulde vera for heile Israel.Select 2 Chronicles 29:24

25Og han stelte upp levitarne i Herrens hus med cymblar, harpor og cithrar, soleis som David, Gad, sjåaren åt kongen, og profeten Natan hadde bode; for bodet um dette hadde Herren gjeve gjenom profetarne sine.Select 2 Chronicles 29:25

26Levitarne stod med Davids spelgogner, og prestarne med lurarne.Select 2 Chronicles 29:26

27Og Hizkia baud at brennofferet skulde ofrast på altaret, og då ofringi tok til, byrja songen for Herren, og lurarne, medan spelgognerne åt David, Israels konge, styrde songen.Select 2 Chronicles 29:27

28Då kasta heile lyden seg til jordi medan songen tona og lurarne let, og alt dette varde til ofringi var til endes.Select 2 Chronicles 29:28

29Då dei var ferdige med ofringi, fall kongen på kne og alle dei som var til stades med honom, og dei bad.Select 2 Chronicles 29:29

30So baud kong Hizkia og hovdingarne at levitarne skulde syngja Herrens lov med ordi åt David og sjåaren Asaf, og dei song lovsongen med fagnad og bøygde seg og bad.Select 2 Chronicles 29:30

31Hizkia tok då til ords og sagde: «No hev de vigt dykk til Herren; kom då fram og før slagtofferi og lovofferi til Herrens hus!» Då førde lyden fram slagtoffer og lovoffer, og kvar ein som vart driven til det i hjarta sitt, førde fram brennoffer.Select 2 Chronicles 29:31

32Dei brennofferi som lyden førde fram, var sytti uksar, hundrad verar og tvo hundrad lamb; alle dei var brennoffer for Herren.Select 2 Chronicles 29:32

33Og heilagofferi var seks hundrad uksar og tri tusund sauer.Select 2 Chronicles 29:33

34Men det var ikkje mange nok av prestarne til å flå alle brennofferi, og brørne deira, levitarne, hjelpte deim difor med det, til arbeidet var fullgjort, og til dess alle prestarne hadde helga seg; for levitarne synte ein ærlegare vilje til å helga seg enn prestarne.Select 2 Chronicles 29:34

35Dessutan var det ei mengd med brennoffer og attåt deim feittstykki av takkofferi og dei drykkofferi som høyrde til brennofferi. Soleis fekk dei i stand tenesta i Herrens hus.Select 2 Chronicles 29:35

36Og Hizkia og heile folket gledde seg yver det som Gud hadde gjort for folket; for alt dette gjekk fyre seg med eit slag.Select 2 Chronicles 29:36

Next: 2 Chronicles 30Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Chronicles

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.