Skip to content
Church.wiki

2 Chronicles Chapter 31 Studentmållagsbibelen frå 1921

Historical books · 2 Chronicles · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 21 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

역대하 31장은 히스기야 왕 때 백성이 우상 제단을 없애고, 왕이 제사장과 레위 사람의 섬김을 정비하며, 백성이 바친 첫 소산과 십일조를 성전 창고에 모아 나눠 준 일을 기록한 장이다.

Jump to verse

312 Chronicles · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Då dei no alt dette var slutt, drog alle dei israelitarne som var til stades ut til byarne i Juda og braut sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-bilæti og reiv ned offerhaugarne og altari i heile Juda og Benjamin, og i Efraim og Manasse, til dei reint hadde gjort ende på deim. Og so snudde alle Israels-sønerne heim att, kvar til sin eigedom i byarne sine.
2So skipa Hizkia preste- og levitskifti, etter som dei høyrde til i det eine eller det andre skiftet, so at kvar og ein av prestarne og levitarne fekk si tenesta med brennofferi og takkoffer, å gjera tenesta med pris og lov i portarne til Herrens læger.
3Det som kongen gav av eiga si, vart bruka til å greida brennofferi, morgon- og kvelds-brennofferi og brennofferi på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne, soleis som skrive stend i Herrens lov.
4Og han baud deim av folket som budde i Jerusalem at dei skulde gjeva det som prestarne og levitarne skulde hava, so dei kunde halda fast ved Herrens lov.
5So snart dette vart kjent, kom Israels-sønerne med rikleg mengd av fyrstegrøda av korn, druvesaft, olje og honning og alt det andre avgrødet på marki, og sameleis tiend av alt i rikeleg mengd.
6Og dei israelitarne og Juda-mennerne som budde i Juda-byarne, kom og med tiend utav storfe og småfe, og dei kom med tiend av dei heilage gåvorne som var vigde til Herren, deira Gud, og lagde deim haug ved haug.
7I den tridje månaden tok dei til å hauga i hop, og i den sjuande månaden var dei ferdige med det.
8Hizkia og hovdingarne kom då og såg på haugarne, og dei prisa Herren og Israel, folket hans.
9Då so Hizkia spurde prestarne og levitarne um haugarne,
10svara øvstepresten Azarja av Sadoks hus honom: «Sidan dei tok til å føra offergåva til Herrens hus, hev me ete oss mette og leivt mykje att, for Herren hev velsigna folket sitt, so me hev fenge leivt all denne rikdomen.»
11Hizkia gav då det bodet at dei skulde laga til buder i Herrens hus; og då dei hadde laga slike,
12førde dei inn der avgrødet, tiendi og heilaggåvorne, alt på tru og æra. Tilsynet med dette vart gjeve til leviten Konanja og næmast under honom Sime’i, bror hans.
13Og Jehiel, Azazja, Nahat, Asael, Jerimot, Jozabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja var tilsynsmenner jamsides med Konanja og Sime’i, bror hans, etter påbodet kong Hizkia og Azazja, den øvste i Guds hus.
14Leviten Kore Jimnason, som var dørvaktar på øystre sida, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvorne til Gud, og skulde skifta ut Herrens offergåvor og dei høgheilage gåvorne.
15Under honmom vart sett Eden, Minjamin, Jesua, Semaja, Amarja og Sekanja; dei skulde vera i prestebyarne og skifta ut på tru og æra til brørne sine, både til store og små, etter dei skifti dei høyrde til,
16Her var frårekna dei av mannkyn som var ifrå tri år og uppetter, og som kom til Herrens hus etter som torvi var frå dag til dag og gjorde arbeidet sitt etter som tenesta deira var etter dei skifti dei høyrde til.
17Prestarne vart upptekne i lista etter ættgreinene sine, levitarne ifrå tjugeårsalderen og uppetter etter tenestskyldnaden sin, etter dei skifti dei høyrde til.
18Det vart gjort soleis at dei vart upptekne med alle småborni sine, konorne, sønerne og døtterne sine, so mange dei var; for på tru og æra skulde dei styra med dei heilage tingi.
19For bymarkarne åt Arons-sønerne, prestarne, var det nokre namngjevne menner i kvar by som skifte til kvar karmann millom prestarne og deim utav levitarne som var upptekne i listorne, det som dei hadde rett til.
20Soleis gjorde Hizkia i heile Juda, og han gjorde det som godt og rett og sant var for Herren, sin Guds åsyn.
21Alle dei verki som han tok seg fyre i tenesta for Guds hus, i lovi og i bodet med det fyremål å søkja sin Gud, alle dei gjorde han av heile sitt hjarta, og han hadde lukka med seg.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

21 verses in this chapter
31 / 36 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this chapter

More