1 Kings 11
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Kong Salomo hadde mange utlendske kvinnor som han elska - umfram dotter åt Farao; moabitiske, ammonitiske, edomitiske, sidoniske, hetitiske,Select 1 Kings 11:1
2kvinnor av dei heidningfolki som Herren hadde åtvara Israels-sønerne imot og sagt: «De skal ikkje hava noko med deim, og ikkje dei med dykk; elles kjem dei visseleg til å snu hjarta dykkar til sine gudar.» Salomo heldt seg til desse i elsk.Select 1 Kings 11:2
3Han hadde sju hundrad konor av fyrsteætt og tri hundrad fylgjekonor, og konorne vende hjarta hans.Select 1 Kings 11:3
4Ja, då Salomo vart gamall, drog dei hjarta hans til andre gudar, so hjarta hans var ikkje heilt med Herren hans Gud, soleis som hjarta åt David, far hans.Select 1 Kings 11:4
5Og Salomo fylgde Astarte, sidoniarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitarne.Select 1 Kings 11:5
6Soleis gjorde Salomo det som var vondt i Herrens augo, og fylgde ikkje Herren i eit og alt som David, far hans.Select 1 Kings 11:6
7Salomo bygde då ein offerhaug på berget austanfor Jerusalem åt Kamos, styggedomen åt Moab, og for Molek, styggedomen åt Ammons-sønerne.Select 1 Kings 11:7
8Og det same gjorde han for alle dei utlendske konorne sine, so dei fekk brenna røykjelse og ofra til gudarne sine.Select 1 Kings 11:8
9Då vart Herren harm på Salomo, for di han hadde vendt hjarta sitt burt ifrå Herren, Israels Gud, som hadde openberra seg for honom tvo gongerSelect 1 Kings 11:9
10og gjeve honom eit serskilt bod um dette, at han ikkje skulde fylgja andre gudar; men han hadde ikkje agta på Herrens bod.Select 1 Kings 11:10
11Difor sagde Herren til Salomo: «Etter di du er komen på dette, og ikkje hev halde pakti mi og loverne mine, som eg hev gjeve deg, vil eg riva riket ifrå deg og gjeva det til tenaren din.Select 1 Kings 11:11
12Men for David, far din, skuld vil eg ikkje gjera dette i di tid; eg riv det or handi på son din.Select 1 Kings 11:12
13Heile riket vil eg like vel ikkje riva ifrå honom. Eitt fylke vil eg gjeva son din for David, far din, skuld og for Jerusalem skuld, som eg hev valt ut.»Select 1 Kings 11:13
14Og Herren vekte upp ein motmann imot Salomo; edomiten Hadad; han var av kongsætti i Edom.Select 1 Kings 11:14
15Då David var i Edom, og herhovdingen Joab for upp og skulde gravleggja dei falne og med det same slo i hel alt som mann var i EdomSelect 1 Kings 11:15
16- for Joab og heile Israel vart verande der i seks månader, til dess han hadde rudt ut alt som mann var i Edom -Select 1 Kings 11:16
17då rømde denne Hadad, han sjølv og nokre edomitiske menner, som hadde vore i tenesta hjå far hans, og tok vegen til Egyptarland. Hadad var den gong ein liten gut.Select 1 Kings 11:17
18Og dei drog ut frå Midjan og kom til Paran; frå Paran tok dei med seg nokre menner og kom til Egyptarland til Farao, egyptarkongen; han gav honom eit hus og rettleide honom med upphald og let honom få jord.Select 1 Kings 11:18
19Hadad fann stor godvilje hjå Farao, so han gav honom til kona syster åt kona si, syster åt dronning Tahpenes.Select 1 Kings 11:19
20Og denne syster åt Tahpenes fødde sonen Genubat åt honom; Tahpenes vande honom av i huset åt Farao, og Genubat vart verande i huset der med sønerne åt Farao.Select 1 Kings 11:20
21Men då Hadad høyrde i Egyptarland, at David hadde lagt seg til kvile hjå federne sine, og at Joab, stridshovdingen, var avliden, so sagde Hadad til Farao: «Slepp meg no, so eg kann fara heim til landet mitt!»Select 1 Kings 11:21
22Farao sagde til honom: «Kva saknar du her hjå meg, sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting; men du må plent lata meg fara.»Select 1 Kings 11:22
23Gud vekte upp ein motmann til imot Salomo: Rezon Eljadason; han var rømd ifrå herren sin, Hadadezer, kongen i Soba.Select 1 Kings 11:23
24Der samla han ein flokk um seg, den gong David slo folket i hel, og vart røvarhovding; dei drog av til Damaskus, slo seg ned der og styrde i Damaskus.Select 1 Kings 11:24
25Han vart ein motmann imot Israel so lenge Salomo livde, og skadde det, både han og Hadad; han hata Israel og vart konge yver Syria.Select 1 Kings 11:25
26Ein av mennerne åt Salomo heitte Jerobeam; han var son åt Nebat, ein efraimit frå Sereda; mor hans heitte Serua og var enkja. Og han gjorde uppreist mot kongen.Select 1 Kings 11:26
27Grunnen til at han lyfte hand imot kongen, var dette: Salomo bygde Millo og sette stengsla for opningi til byen åt David, far sin.Select 1 Kings 11:27
28No var Jerobeam ein dugande kar, og då Salomo såg at han var drivande i arbeidet sitt, sette han honom til tilsynsmann yver alt arbeidet som Josefs hus hadde på seg.Select 1 Kings 11:28
29So hende det ein gong ved det leitet, at Jerobeam var gjengen ut or Jerusalem, og at profeten Ahia frå Silo råka honom på vegen. Han hadde på seg ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki.Select 1 Kings 11:29
30Då tok Ahia den nye kåpa han hadde på seg, og reiv henne i tolv stykke.Select 1 Kings 11:30
31Og han sagde til Jerobeam: «Tak deg ti stykke! For so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg vil riva riket ut or handi på Salomo og gjeva deg ti av ætterne;Select 1 Kings 11:31
32men den eine ætti skal han få hava for David skuld, tenaren min, og for Jerusalem skuld, den byen eg hev valt millom alle Israels fylke.Select 1 Kings 11:32
33Det skal ganga so, for di dei hev vike ifrå meg og bede til Astarte, sidonarguden, til Kamos, Moabs-guden, og til Milkom, ammonitarguden, og ikkje gjenge mine vegar, ikkje gjort det som rett er i mine augo, eller halde loverne mine og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde.Select 1 Kings 11:33
34Eg vil like vel ikkje taka noko av riket ifrå honom sjølv, men lata honom vera fyrste so lenge han liver, for David skuld, tenaren min, han som eg valde ut, og som agta på bodi og loverne mine.Select 1 Kings 11:34
35Men ifrå son hans vil eg taka riket, og gjeva deg det, dei ti ætterne, meiner eg;Select 1 Kings 11:35
36son hans vil eg gjeva ein av ætterne, so tenaren min, David, alle dagar må hava ei lampa framfor mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg ut til bustad for namnet mitt.Select 1 Kings 11:36
37Deg vil eg då kåra, du skal råda yver alt du hev hug til, og vera konge yver Israel.Select 1 Kings 11:37
38Og lyder du alt som eg byd deg, og gjeng mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, so du held loverne mine og bodi mine, soleis som David, tenaren min, gjorde, so vil eg vera med deg og byggja deg eit hus som stend fast, soleis som eg bygde for David, og gjeva deg Israel.Select 1 Kings 11:38
39Og Davids ætt vil eg mykja for dette, men like vel ikkje for alltid.»»Select 1 Kings 11:39
40Salomo freista å taka livet av Jerobeam; men Jerobeam reis upp og rømde undan til Egyptarland til egyptarkongen Sisak, og han vart verande i Egyptarland til Salomo døydde.Select 1 Kings 11:40
41Det som elles er å fortelja um Salomo og alt det han gjorde, og um visdomen hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Salomo.Select 1 Kings 11:41
42Den tid Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel, var fyrti år.Select 1 Kings 11:42
43So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 11:43
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation