1 Kings 18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Ei lang tid deretter, det var tridje året, kom Herrens ord til Elia, soleis: «Gakk av stad og stig fram for Ahab, so skal eg sidan lata det regna yver jordi.»Select 1 Kings 18:1
2Og Elia tok i veg og vilde stiga fram for Ahab. Men svolten var stor i Samaria.Select 1 Kings 18:2
3Då kalla Ahab til seg Obadja, som var drottsete. Obadja ottast Herren av heil hug;Select 1 Kings 18:3
4den gongen då Jezabel rudde ut Herrens profetar, hadde Obadja teke og gøymt hundrad profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytt for deim med brød og vatn.Select 1 Kings 18:4
5Ahab sagde då til Obadja: «Far igjenom landet til alle vatskjeldor og bekkjer! Kann henda me kann finna gras, so me kann halda liv i hestar og muldyr og sleppa slagta noko av buskapen.»Select 1 Kings 18:5
6Og dei skifte landet millom seg og for igjenom det; Ahab for ein veg for seg, og Obadja tok ein annan veg for seg.Select 1 Kings 18:6
7Då no Obadja var på ferdi, kom Elia til møtes med honom. Og han kjende honom og kasta seg å gruve og sagde: «Er du her, min herre Elia?»Select 1 Kings 18:7
8Han svara honom: «Ja; gakk og seg til herren din at Elia er her!»Select 1 Kings 18:8
9Då sagde han: «Kva hev eg forsynda meg med, sidan du vil gjeva tenaren din i handi på Ahab, so han kann taka livet av meg?Select 1 Kings 18:9
10So sant Herren, din Gud, liver, det finst ikkje det folk eller det rike utan at herren min hev sendt bod til det og leita etter deg; og når dei sagde: «Her er han ikkje,» so let han det riket eller det folket sverja på at dei ikkje kunde finna deg.Select 1 Kings 18:10
11Og no segjer du: «Gakk og seg herren din at Elia er her!»Select 1 Kings 18:11
12Um det no gjeng so, når eg er gjengen ifrå deg, at Herrens Ande tek deg burt til ein stad eg ikkje kjennar, og eg like vel kjem til Ahab med bod um det, so drep han meg, når han ikkje finn deg. Og tenaren din hev då ottast Herren like frå ungdomen.Select 1 Kings 18:12
13Hev dei ikkje fortalt deg, herre, kva eg gjorde då Jezabel drap Herrens profetar? Då gøymde eg hundrad mann av Herrens profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytte for deim med brød og vatn.Select 1 Kings 18:13
14Og no segjer du: «Gakk og seg til herren din: Elia er her» - so at han få livet av meg.»Select 1 Kings 18:14
15Då sagde Elia: «So sant Herren, allhers drott, liver, han som hev meg i tenesta, so skal eg i dag stiga fram for kongen.»Select 1 Kings 18:15
16Obadja gjekk då til møtes med Ahab og fortalde dette med honom, og Ahab gjekk til møtes med Elia.Select 1 Kings 18:16
17Då Ahab såg Elia, sagde Ahab til honom: «Er du her, du som dreg ulukka yver Israel?»Select 1 Kings 18:17
18Han svara: «Det er ikkje eg som dreg ulukka yver Israel, men du og farshuset ditt, med di de hev vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’alarne.Select 1 Kings 18:18
19Men send no bod og lat heile Israel stemna saman til meg på Karmelfjellet, og like eins dei fire hundrad og femti Ba’als-profetarne og dei fire hundrad Asjera-profetarne som gjeng til bords hjå Jezabel!Select 1 Kings 18:19
20Og Ahab sende bod ikring til alle Israels-sønerne, og samla profetarne på Karmelfjellet.Select 1 Kings 18:20
21Då steig Elia fram for folkemengdi og sagde: Kor lenge vil de halda på å halta til båe sidor? Er det Herren som er Gud, so ten honom; men er det Ba’al som er Gud, so ten honom!» Folket svara ikkje eit ord.Select 1 Kings 18:21
22Då sagde Elia til folket: «Eg er no den einaste som er att av Herrens profetar; men Ba’als-profetarne er fire hundrad og femtimann.Select 1 Kings 18:22
23Lat oss no få tvo uksar, og lat deim velja seg ut den eine uksen og hogga honom i stykke og leggja honom på offerveden, men ikkje kveikja eld på, og eg skal laga til den andre uksen og leggja den på offerveden, men ikkje kveikja eld på.Select 1 Kings 18:23
24So kann de kalla på namnet åt dykkar gud, og eg skal kalla på Herrens namn. Og lat det då vera so, at den gud som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folkemengdi svara: «Det framlegget er godt.»Select 1 Kings 18:24
25Og Elia sagde til Ba’als-profetarne: «Vel dykk ut den eine av uksen og laga til den fyrst, etter di de er dei fleste, og ropa so på guden dykkar, men kveik ikkje eld på!»Select 1 Kings 18:25
26Då tok dei den uksen som han hadde gjeve deim, og laga honom til og ropa på Ba’al frå morgon til middag og sagde: «Ba’al, svara oss!» Men det kom ingen ljod, og ingen svara. Dei hinka kringum altaret som dei hadde sett upp.Select 1 Kings 18:26
27Ved middagsleite tok Elia på å gjøra narr av deim og sagde: «Ropa med sterkare mål! For han er då Gud, må vita; han sit vel og grundar på eitkvart, eller og er han gjengen til sides eller er ute på ferd; eller kann henda han søv, då vaknar han vel.»Select 1 Kings 18:27
28Og dei ropa med sterkt mål og flengde seg med sverd og spjot som deira vis var, til dess blodet flaut nedetter deim.Select 1 Kings 18:28
29Då det leid yver middag, rasa dei til fram imot grjonoffer-tidi; men det kom ingen ljod, og ingen svara, og ingen brydde seg um deim.Select 1 Kings 18:29
30Då sagde Elia til folkemengdi: «Kom hit til meg!» Og folkemengdi gjekk burt til honom. Då bygde han upp att Herrens altar, som hadde vorte nedrive.Select 1 Kings 18:30
31Elia tok tolv steinar, etter talet på ættarne av Jakobs-sønerne, han som Herren hadde tala til soleis: «Israel skal namnet ditt vera.»Select 1 Kings 18:31
32Og av steinarne bygde han eit altar i Herrens namn, og grov ei veit umkring altaret um lag so stor som til tvo halvskjeppor sæde.Select 1 Kings 18:32
33So lagde han offerveden til rettes og hogg uksen i stykke og lagde han ovanpå veden.Select 1 Kings 18:33
34Og han sagde: «Fyll i fire krukkor med vatn, og aus det ut yver brennofferet og veden!» Og han sagde: «Gjer det ein gong til!» Og dei gjorde det andre gongen. Men han sagde: «Gjer det tridje gongen!» Og dei gjorde det tridje gongen.Select 1 Kings 18:34
35Vatnet flaut rundt umkring altaret, og han fyllte veiti med vatn.Select 1 Kings 18:35
36Og ved grjonoffer-tidi steig Elia, profeten, fram og sagde: «Herre, Abrahams og Isaks og Israels Gud! Lat det verta ålkjent i dag at du er Gud i Israel, og at eg er tenaren din, og at eg hev gjort alt dette etter bod ifrå deg!Select 1 Kings 18:36
37Svara meg, Herre, svara meg, so dette folket kann få kjenna at du, Herre, er Gud, og vender hugen deira attende til deg!»Select 1 Kings 18:37
38Då rann Herrens eld ned og åt upp brennofferet og veden og steinarne og moldi og sleikte upp vatnet som var i veiti.Select 1 Kings 18:38
39Og folkemengdi såg det, og dei kasta seg å gruve og sagde: «Det er Herren som er Gud! Det er Herren som er Gud!»Select 1 Kings 18:39
40Då sagde Elia til deim: «Tak Ba’als-profetarne, lat ingen av deim sleppa undan!» Og dei tok dem, og Elia styrde deim ned til Kisonbekken og let deim drepa der.Select 1 Kings 18:40
41Og Elia sagde til Ahab: «Far no upp att og et og drikk! For eg høyrer sus av regn.»Select 1 Kings 18:41
42Då for Ahab upp og vilde eta og drikka. Men Elia steig upp på toppen av Karmel, lutte seg ned mot jordi og lagde andlitet millom knei sine.Select 1 Kings 18:42
43Og han sagde til drengen sin: «Gakk upp og skoda utåt havet!» Drengen gjekk upp og skoda ut, men sagde: «Eg ser ingenting.» Sju gonger bad han honom ganga upp att.Select 1 Kings 18:43
44Då han so kom dit sjuande gongen, sagde han: «No ser eg det stig upp av havet ei liti sky; ho er ikkje større enn neven på ein mann.» Då sagde han: «Gakk upp og seg til Ahab: «Beit fyre og far ned, so ikkje regnet skal hefta deg!»»Select 1 Kings 18:44
45Og i ei handevending myrkna himmelen til med skyer og storm, og snart silregnde det. Men Ahab køyrde av stad og for til Jizre’el.Select 1 Kings 18:45
46Og Herrens hand kom yver Elia, so at han sette livgjord ikring seg og sprang fyre Ahab like til Jizre’el.Select 1 Kings 18:46
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation